Attåt skriv han mykje um tradisjonarne i Vestmannalaget, men dei hev lite med dei seinste hendingarne å gjera. Eg kann ikkje sjå at det er i syni på tradisjonen at usemja millom oss stend, anna enn kann henda kva denne tradisjonen skal brukast til.

Askeland ottast at ein flokk med yngre målfolk ynskjer å taka yver styringi i Vestmannalaget, og at dei vil gjera målreising til ei viktug uppgåva for laget. Ein må undrast på kva Askeland hev imot at det kjem til ungdomar som vil vera med og driva laget vidare. Ynskjer han ikkje ei framtid for Vestmannalaget etter hans tid òg? Askeland hevdar at den nye stjorni vil arbeida for målsaki, men, segjer han, «ein treng ikkje leggja fram korkje arbeidsprogram eller budsjett på årsmøtet for å leva upp til dette kravet». Men då reiser spursmålet seg: Dersom Askeland vil arbeida for målsaki gjenom Vestmannalaget, kva kann vera gale med å dryfta arbeidet i den komande arbeidsbolken på årsmøtet då? Vil han ikkje hava med seg lagslyden i rådleggjingarne?

Når Askeland skriv at «vanlege lagsfolk møtte mannjamt fram» på årsmøtet 14. mars, er det berre noko av sanningi. Det var mange der som aldri hadde vore på eit lagsmøte fyrr, og som nett hadde vorte innmelde i laget. Dei fleste av desse røysta med Askeland. Det var med andre ord denne sankingi av folk utanfyre laget som sytte for at Askeland «fekk hindra at dei tilreisande tuska til seg bladet åt laget og gjorde vestmennene til husmenn i sin eigen heim». Ein må elles spyrja seg korso den sitjande bladstyraren og hjelpesmennerne hans skulde kunna «tuska til seg bladet».

Askeland er sers uppteken av å kopla Vestmannalaget med Norsk Bokreidingslag, ein samanheng eg etterviste i det fyrre innlegget mitt (30. mars). Eg vilde syna at det er uheldigt for Vestmannalaget å lata Bokreidingslaget få ei sugerøyr ned i lagskassa og Fritz Monrad Walles fond. Norsk Bokreidingslag hev pengevanskar. På det siste av dei tvo årsmøti i lutlaget i 2001 vilde korkje Askeland, som er formann der òg, elder forretningsføraren gjera greida for store krav og utlogor i rekneskapen. Lutmidelen i laget er tapt og gjeldi er stor, som etter det eg skynar er til prenteverket Bodoni hus i Bjørgvin. Det er difor bisnelegt at folk frå Bodoni hus møtte mannjamt upp på årsmøtet, m.a. so dei fekk røysta inn Jo Gjerstad, som er styresmann og prentemeister i Bodoni hus, til fyrste varamann i Vestmannalaget.

Me som mælte imot Askeland på årsmøtet, vil at pengarne i Vestmannalaget skal nyttast til verksamt og utetterrett målarbeid helder enn å sletta gamal gjeld som andre er andsvarlege for. Askeland skriv at eg «spela med falske kort» i det fyrre innlegget mitt, då eg skal ha «insinuera at underskrivne vil leggja ned Vestmannen for å yverføra midlane til Bokreidingslaget». Det er ordi hans Askeland; eg skreiv ikkje noko um ein slik samanheng, men når Askeland nemner det, gjev ikkje det mindre grunn til mistanke.

Askeland nemner at stjorni ikkje vilde gjeva røysterett åt «ei mindre gruppa» (minst 12) som hadde svara lagspengar. Grunngjevingi var at kassastyraren ikkje hadde fenge kvitting frå Postverket. Det han ikkje fortel, er at dei personarne det her er tale um, kunde visa fram kvitting sjølve på møtet. Det heldt ikkje for Askeland og hans folk, men dei godkjende folk som stod på deira sida på staden. Dessutan tok Askeland ein dag fyre årsmøtet upp ein praksis som hev lege daud i mange år, då stjorni skulde «godkjenna» medlemerne fyre årsmøtet. Ein må spyrja seg um kvifor han gjorde det.

Av Klaus Johan Myrvoll,

formann i Ivar Aasen-sambandet