OVE A. OLDERKJÆRStord

— Vi har reservert eit areal på Årskog, slik at selskapet kan få gjort ei konsekvensutgreiing, seier Fitjar-rådmann Harry Herstad til Bergens Tidende.

Selskapet Luft Vann Natur Gjenvinning AS (LVNG) har under leiing av bergensaren Arne Vablum vore i Fitjar formannskap og orientert om planane.Anlegget krev investeringar på nær halvannan milliard kroner, og kan brenna inntil 400.000 tonn avfall frå heile Vestlandet. Det skal produserast både elektrisitet og varme ved å attvinna varmen i røykgassen.

Fitjar er frå før vertskap for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk, som har deponi for alle kommunane i regionen og som for nokre år sidan tok imot hushaldsavfallet frå Bergen.

Då LVNG i 1998 la fram planar om å leggja bossbrenningsanlegget til Mongstad i Lindås, fekk selskapet hard medfart av Statens forurensningstilsyn.SFT etterlyste ei rekkje avklaringar rundt prosjektet, blant anna kva type avfall anlegget skulle ta imot.Også miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland var sterkt kritisk, og Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund avviste planane som avlegs. Planen er å frakta avfallet til Årskog med lekter eller båt. Brenning av 400.000 tonn boss i året er over fire gonger så stor kapasitet som Bergensområdets interkommunale renovasjonsselskap (BIR) har i sitt anlegg i Rådalen.