ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noFlåmDen kvite bergarten anortositt ligg i opptil 2000 meter tjukke plater i store område nordaust i Voss kommune, og litt inn i Aurland i Sogn. DeN verdfulle bergarten stod i fokus under Norske Sivilingeniørers Forening sitt seminar på Fretheim Hotell fredag og i går.For verdiane som ligg her er vurdert til hundrevis av milliardar kroner. Men utvinninga kan bli like kontroversiell som oljeutvinninga sin fare for oljesøl og tilgrising av det store spisskammerset vårt, fisken i havet. Store inngrep Ein kan ikkje utan vidare sprenga bort landets flottaste turistattraksjonar, som utsikta frå Stalheim Hotell.Eit av fjella som inneheld anortositt er Jordalsnuten, den sentralt plasserte "sukkertoppen" i J. C. Dahl sitt vidgjetne målarstykke. Det var på klatretur til Drakehola i Jordalsnuten at ein engelskmann, i Per Sivle sin fantasi, fall ned i Vetle-Helvete — til stor sorg for Hall i "Berre ein hund".Frå andre sida Nærøydalen strekker anortosittbeltet seg sør-søraustover, tvers gjennom det militære skytefeltet (som er nesten like stort som Os kommune) og tvers gjennom hytteområda på Mjølfjell. Nordre del ligg i landskapsvernområdet. - Det er ikkje aktuelt med dagbrot i dette området, seier spesialrådgjevar Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune til Bergens Tidende. To millionar tonn årleg Det som er mest aktuelt er ein storskala-versjon av den drifta som Gudvangen Stein AS (avleggar av Voss Cementvarefabrikk LL) driv i dag. Dei vinn ut stein gjennom små hol ved foten av fjellet. Også Jordalsnuten er så smått i ferd med å bli innholt. - Ein kan lett tenka seg stordrift med to millionar tonn, og oppover, i årsutvinning, seier Rosenvold.Japanske ekspertar meiner det er mogeleg å frakta stein gjennom eit enormt rørpostsystem til utskipingshamn ved Gudvangen. Utfordringa er å kunne kombinera slik drift med turistskipstrafikken på den verdskjende Nærøyfjorden. Under seminaret på Fretheim Hotell fredag og i går vart eit kaianlegg inne i fjellet skissert. Etter mønster frå ubåt-bunkrane på Haakonsvern, kan lasteskip på 15.000 bruttotonn sigla gjennom ein 180 meter lang skipstunnel til kaiplass med god takhøgd inne i fjellet. Der kan knust stein sleppast rett ned i lasterommet frå siloar i enden av rørpostsystemet.Alternativet er vegtunnelar under Vikafjellet og utskiping frå hamn i Vik kommune. Dette kunne ha gjort prosjektet til ei rein Voss-Vik-sak. Men aurlendingane ser på nye vegtunnelar som urealistisk.- Den korte vegen mellom forekomst og sjø er ein stor fordel. Denne vegen må ikkje gjerast lengre enn turvande, seier Rosenvold.Aurland kommune har sikra seg 70 prosent av interessene i eit nytt selskap, Luna Mineral AS, som vil styra utviklinga. Namnet Luna kjem av at største kjende anortosittforekomst er på månen.Ordførar Ivar-Bjarne Underdal meiner det er viktig med lokal styring. Aurland har dyrekjøpt erfaring med at storsamfunnet har teke styringa med vasskrafta i kommunen, og teke attende styringa med turiststraumen ved privatisering av Flåmsbana og etablering av Flåm Utvikling AS.

Fakta/ anortositt Anortositt er ein feltspatrik bergart som mellom anna inneheld om lag 31 prosent aluminiumoksid. Forekomsten på Voss er uvanleg rein, lett oppløyseleg i syre og ligg i svært store mengder nær sjø. Han eignar seg godt til utvikling av nye, landbaserte industriprosessar for å redusera miljøgifter og klimagassar. Med anortositt kan aluminiumoksid produserast forureiningsfritt. Det kan lagast kjemikaliar til reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter i vatn, jord og luft, dessutan i silisium, mineralull, kunstgjødsel, sprengstoff, betong og eldfaste materialar m.m.Anortositt har så låg særvekt at han er mutingsfri etter Bergverkslova. Det vil seia at grunneigar, og ikkje Staten, kan gje utvinningsløyve ved Bergverksmeisteren.