Sett på spissen er dette ei av dei viktigaste utfordringane til vestlandsfylka i den flunkande nye Vestlandsutgreiinga som fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane la fram i Bergen torsdag. Framlegginga er eit steg på vegen mot nærare samarbeid, som kan enda med at to av fylka, eller alle tre, slær seg saman til eit vestlandsk storfylke.

Arbeidsplassar ikkje nok

Ein av dei som har levert viktige innspel til Vestlandsutgreiinga, er professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.

— Arbeidsplassar åleine er ikkje lenger nok til å halda folk fast her vest. Dette syner seg særleg i utkantane, der det går mykje på primærnæringar og industri. Svært ofte er dette arbeidsplassar som ikkje samsvarar med den utdanninga ungdommen har, seier Jørgen Amdam til Bergens Tidende.

Uttynning i indre strok

Folketalet i dei tre vestlandsfylka vil rett nok veksa monaleg i tiåra som kjem, frå vel 900.000 i dag til godt over millionen i 2020. Men veksten vil konsentrera seg langs kysten, frå Egersund til og med Øygarden, med toppar i Stavanger/Sandnes, Haugesund og Bergens-området.

Sterk uttynning kan ventast i indre Rogaland og Hordaland. I Sogn og Fjordane er biletet meir blanda.

Bergen for liten

Jørgen Amdam har vore med og laga ei landsdelsanalyse for Vestlandet, der det vert sett nærare på korleis landsdelen kjem til å utvikla seg fram mot 2020. Denne analysen var eit viktig grunnlag for Vestlandsutgreiinga. Mellom anna reiser ho spørsmålet om mange av dei jobbane som vert skapte på Vestlandet er mindre attraktive enn jobbane på det sentrale Austlandet.

— Tendensen i dag er at ungdom under utdanning meir og meir går i retning av offentleg verksemd, administrasjon og tenesteyting av ymse slag.

Bedriftsretta tenesteyting, som advokat, er svært attraktivt, og her kan det verka som til og med Bergen vert for liten til å halda på arbeidskrafta, seier Amdam.

NHH-studentar flyttar

— Eg har fått opplysningar som viser at 60 prosent av studentane ved Norges Handelshøyskole er frå Vestlandet, men berre 20 prosent av studentane vert att i landsdelen.

Det framgår av utgreiinga at bedriftsretta tenesteyting rett nok har hatt stor vekst på Vestlandet, særleg i Stavanger/Sandnes-regionen og Bergens-regionen. Men framleis må mykje av desse tenestene hentast frå Oslo og Asker/Bærum. Av lett forståelege årsaker har også denne regionen landets største tilbod av kultur og underhaldning.

— Oppleving og kultur er viktig for moderne ungdom. I utkantstrok på Vestlandet er det lite tilbod og lite variasjon. Samstundes gjer dårlege kommunikasjonar at det er for tungvint å nå fram til næraste byen, seier Jørgen Amdam.

Når ikkje ut

Han peikar og på eit anna kommunikasjonsproblem som bør ryddast av vegen.

— Moderne industri, også i utkantane, er i dag meir enn å utføra enkle handgrep. Industri i dag er moderne teknologi og styring av avanserte maskiner som krev høg kompetanse, men dette når tydelegvis ikkje ut til alle, seier Amdam, og sender ballen vidare til dei som vil byggja Vestlandsregionen.

Å halda på utdanningsgenerasjonen er i Vestlandsutgreiinga formulert som ei sentral utfordring både for einskilde regionar og for Vestlandsregionen sett under eitt.

fakta/vestlandsutgreiinga

Vestlandsutgreiinga er eit dokument som drøftar grunnlaget for eit nærare samarbeid mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. I tillegg har Rogaland og Hordaland bede om å få utgreidd grunnlaget for eit storfylke på Vestlandet.

Utgreiinga drøftar ulike modellar:

Produksjonssamarbeidsmodellen legg opp til å utnytta fordelar ved stordrift, til dømes ved innkjøp. Denne modellen er den minst vidtgåande.

Landsdelsmodellen byggjer på eit sterkt politisk samarbeidsorgan som kan vera pådrivar for eit utvida samarbeid.

Nettverksmodellen er basert på samanslåing med felles fylkesting og andre politiske organ.

Likevel med stor grad av desentralisering.

Konsernmodellen har òg felles fylkesting. Men ved å plassera ulike oppgåver ute i fleire store fylkessentra, vil ein unngå for sterk sentralisering.

Storfylkemodellen er den mest vidtgåande, med plassering av dei viktigaste politiske og administrative funksjonane i fylkeshovudstaden.

Eit sentralt mål med denne modellen er effektivisering av offentleg sektor.