ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Med 59 mot 39 røyster avviste Coop-utsendingane frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland planane om å slå Coop Norge saman med søsterorganisasjonane i Sverige og Danmark til desidert største daglegvareaktøren i Norden.

Sjølv vedtok utsendingane på møtet i Førde i helga å slå seg saman, med Geir Dalland frå Coop Hordaland som første styreleiar. Det nye distriktslaget fekk namnet Coop Vestlandet, og har 15 utsendingar til landsmøtet der Norden-planen blir avgjort.

Dei 15 vestlendingane har med seg ei varm tilråding for nærare nordisk samarbeid. Men samanslåing etter SAS-prinsippet (svensk alt sammen) var det lite stemning for i Førde. Ei trinnvis utvikling av samarbeidet bør koma før fullstendig økonomisk integrasjon.

Coop Vestlandet stilte seg også avvisande til aksjeselskap som eigarform for kooperativ verksemd. Omdanning av samvirkelag til aksjeselskap kan delegatane frå Vestlandet dermed vanskeleg gå inn for.

I tillegg til Geir Dalland kom desse med i det første styret: Stig Nergård, Sunndalsøra SI, Laura Kvamme Coop Indre Vestlandet, Else Legernes, Coop Møre, Bjørn Flote. Coop Nord-Sunn, og Johannes Bjørvik, Coop Sogn og Fjordane.