Ikkje berre har Israel ein av verdas mest effektive og moderne hærar, men dei har samstundes ein av verdas mest skruppellause personar ved makta. Ein farleg kombinasjon. Noko me har sett utallege døme på elles i moderne historie. Det treng berre nemnast diktatorar som Pinochet i Chile og Suharto i Indonesia, så veit mange kva ein talar om. Ein viktig ting til: Kven har skapt dette monsteret av ei militærmaskin, som sjølvsagt gjeld dei andre døma også, og mange fleire? Ja, diverre er det eit samleomgrep som dekker det svaret: Vesten med USA i spissen! Utallege gonger har gamle kolonimakter og den no einaste supermakta i verda, USA, gripe inn ovanfor eller støtta land og regime, i deira iver etter kontroll over verda. Dei har styrta folkevalde leiarar, bygd opp veldige militærapparat, og sett inn sine marionettefolk.

I Israel har USA bygt opp eit brutalt militærapparat, noko ein truleg berre ser konturane av. Med milliardar av dollar kvart år er Israel eit av dei landa som mottek mest støtte frå USA sitt «verdsomfattande militærbudsjett».

Dette apparatet er no i ferd med anten å øydelegge så mykje som mogeleg av dei sjølvstyrte palestinske områda før ei eventuell attendetrekking, eller gjennomføre plan B, nemleg fordrive palestinarane ut av deira område for godt. Aksjonane til no har vore særdeles grove og brutale: Med utraderingar av heile bukvartal med bulldosarar, som i Gaza og i det siste i flyktningleiren i byen Jenin på Vestbreidda, før stridsvognene rulla inn.

Likvideringar av sivile i form av snikskyting og bakhald frå israelske soldatar (dette er stadfesta av soldatar som har sett kollegaer gjere det: om lag 500 meinige og offiserar i den israelske hæren har til no, sidan den palestinske intifadaen starta i oktober 2000, skreve under på eit opprop der dei nektar å tenestegjere i det dei ser som overgrep gjort av den israelske hæren i dei reokkuperte palestinske områda), og i regelrette attentat av folk israelsk etterretning kallar terroristar. Når det gjeld det siste er det i følgje observatørar berre eit fåtal av desse palestinske leiarane den israelske hæren har teke livet av, direkte ansvarlege for sjølvmordsbombarane, som har teke så mange israelske sivile liv. Uansett er utanomrettslege avrettingar brot på folkeretten og internasjonale konvensjonar i krig.

Kva så med palestinarane og deira aksjonar? Sjølvsagt kan ingen, om me har nokolunde omlaup i hovudet, forsvare at sjølvmordsbombarar tek med seg uskuldige i døden. Det kan me ikkje forsvare uansett kvar det hender i verda. At islamske leiarar får unge palestinarar til å drepe seg sjølve og andre, er djupt tragisk. Dei fanatiske leiarane får spreie sin ideologi, og dei unge trur dei får løn i himmelen for deira martyrdom.

Kan me då forstå bakgrunnen for det dei gjer? Det kan me om me prøver i det minste litt for å forstå den desperate situasjonen mange palestinarar føler dei er i. Det er ingenting att for mange, berre livet. Så gjev dei det og i eit fatalt augneblikk. Det er det einaste middel som er att i kampen mot ei overlegen militær okkupasjonsmakt, føler mange. Valden vert det sanne, freden ein utopi.

Kva er svaret på ein slik sirkel av blod? Ein palestinsk stat! Ein reell stat med dei områda som ikkje tilhøyrde Israel før 6-dagarskrigen i 1967, og med Aust-Jerusalem som hovudstad. Berre då kan ein isolere fanatikarar i Israel som vil ha eit Stor-Israel, og fanatikarar i Palestina som ikkje vil ha eit Israel i det heile.

Vesten hadde ansvaret for at staten Israel vart oppretta utan ein tilsvarande palestinsk stat. Spesielt USA har ansvaret for det militære monsteret dei har skapt i Israel. Vesten og USA har no ansvaret for å hindre eit stort folkemord i Palestina, og å få hauken Sharon og militære leiarar stilt for ein internasjonal domstol for krigsbrotsverk. Me andre har eit ansvar for å presse våre respektive land sine styresmakter til å setje tiltaka ut i livet. Og det hastar!

Av Ivar Jørdre,

kunstnar, Bergen.