Debatt

Av Ivar Jørdre,

student og Vest-Sahara-aktivist

Sidi Mohammed Daddach er ein mann med klår tale. I ordelag som utelet tvil, har han fordømt kolonimakta Marokko si okkupasjon av Vest-Sahara, og deira overgrep mot det saharawiske folk. Han har påpeika grove brot på menneskerettane, ikkje minst når det gjeld situasjonen til dei politiske fangane. Eit anna uløyst problem, er lagnaden til dei mange hundre saharawianarar som er «forsvunne» sidan den marokkanske invasjonen i 1975.

Daddach er 45 år og har vore fengsla i 24 år, dermed er han den saharawi som har vore lengst bak murane. Han fekk i utgangspunktet dødsdom, men fekk seinare den omgjort til livsvarig fengsel, før han vart løslaten i november 2001. Dette etter press frå internasjonale og saharawiske menneskerettsorganisasjonar.

Daddach har halde fram kampen mot den marokkanske okkupasjonen etter løslatinga. Marokko har svara med å arrestere fleire aktivistar i tilknyting til Daddach, og fleire kontor til menneskerettsorganisasjonar har vorte stengt.

Vest-Sahara, som knapt «ein kjeft» i Vesten kjende til eller interesserte seg for tidlegare, har i den seinare tid sakte, men sikkert byrja klatringa oppover frå ukjent mørke til ein form for ljos. På same måte som Aust-Timor i si tid opplevde det.

Kort fortalt er den nære historia til Vest-Sahara slik: Kolonimakta Spania trekte seg ut frå territoriet i 1975, Marokko invaderte, og er no kolonimakta. Den internasjonale domstolen i Haag avviste same år Marokko sitt krav til landet og fastslo samstundes det saharawiske folk sin rett til sjølv å velje si framtid. I 1991 la Tryggingsrådet i FN fram ein resolusjon om mellom anna ei folkeavrøysting, og FN-personell kom til dei okkuperte områda av Vest-Sahara som eit ledd i avviklinga av ein fredsplan. Over 11 år etter er framleis ingenting gjort, av di Marokko med alle «fanden sine reglar» har trenert og sabotert avrøystinga. På ein slik måte at FN med sjølvaste generalsekretæren i spissen, er om lag plassert ute på sidelina utan futt, og dei tre konstellasjonslanda USA, Storbritannia og Frankrike, gjer sitt for å prøve å få Vest-Sahara til å verte ein del av Marokko med eit slags sjølvstyre.

Kva med Noreg oppe i alt dette, etter at dei nyleg har vore medlem av Tryggingsrådet? Nei, maken til tafattheit og inkjeseie skal ein leite lenge etter! Om ein les Utanriksdepartementet sine tankar i saka i deira rapportering frå arbeidet i FN, så vert ein først frustrert, lattermild og til sist sint.

Den gode gamle leksa tek seg opp att: «Vesle Noreg» sit på gjerdet og ser på (i dette tilfellet) dei tre nemnde landa og Marokko, drive på med sitt storpolitiske spel ...

Det er viktig at merksemda om Vest-Sahara aukar, og at situasjonen landet står ovanfor som okkupert område kjem fram på «verdsarenaen». Raftoprisen til Daddach er her sentral, og denne prisen må vere drivkrafta til vidare internasjonal interesse og hjelp til det saharawiske folk sin kamp for sjølvbestemming og menneskerettar.

Også norske styresmakter må her sjå sitt internasjonale ansvar, og støtte opp om den opphavlege fredsplan i FN regi, der det saharawiske folk (ikkje tvangsinnflytta marokkanarar i okkupert område), må få velje si framtid gjennom folkerøysting. Noko anna strider mot internasjonale godkjende konvensjonar!