• Blomar og helsingar har strøymt på heilt frå det blei kjent at regjeringa sa ja til vern av Hatteberg-vassdraget, og i dag feirar me med sjampanje, seier Sigurd Vikøren.

StordI 23 år har Sigurd Vikøren og hans meiningsfeller i Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget kjempa mot utbygging av meir kraft i området. Då olje— og energiminister Olav Akselsen på ein pressekonferanse i Rosendal måndag slo fast at regjeringa vil verna Hattebergvassdraget, blei det ein jubeldag for Vikøren & Co.- Måndag 25. juni er ein ny merkedag i Kvinnherad. Dette er utruleg gledeleg, ikkje berre for folk i Rosendal og Kvinnherad, men også for alle som har jobba for å ta vare på dei nasjonale verdiar som ligg i dette området, seier Sigurd Vikøren.Og det var nettopp dei særeigne kvalitetane i Rosendal-området som gjorde at statsråd Akselsen gjekk inn for vern av Hattebergvassdraget. Kraftunderskot - Det er underskot av kraft i Norge, og det er ikkje sikkert eit tilsvarande forslag om kraftutbygging hadde fått nei hadde det vore lokalisert ein annan stad i landet. Men heilskapen i det heilt spesielle natur- og kulturområdet i Rosendal med landets einaste baroni og den trass alt beskjedne mengde kraft utbygginga ville gi, gjorde at eg landa på standpunkt som eg gjorde, forklarer Olav Akselsen.Det at Høgre for kort tid sidan flagga at dei ville gå mot utbygging av Hattebergvassdraget dersom saka kom til Stortinget, gjorde det truleg ekstra vanskeleg for Akselsen. Hadde han sagt ja til utbygging, måtte han henta støtte frå Framstegspartiet. Eit ja-vedtak ville også betydd frontalangrep på regjeringspartiet frå ei samla miljørørsle, og den kombinasjonen ville vore tung å svelja for Ap i eit valår. Overprøver lokalpolitikarane - Det vanskelegaste har vore å gå mot så klare tilrådingar frå Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune. Det er viktig å lytta til lokaldemokratiet, men i dette spesielle tilfellet var det andre moment som blei utslagsgjevande, seier Olav Akselsen.Elverksjef Terje Enes i Kvinnherad Energi meiner at regjeringa er vaklevoren, og at statsråd Akselsen har gitt etter for press. - Miljøet taper - Dette vassdraget er ofra på alteret til vernarane, men resultatet blir at miljøet taper. For oss er det gledeleg at me har fått evigvarande konsesjon for kraftproduksjon i vassdraget, til erstatning for den som går ut i 2007. Men all den tid me fekk avslag for alle våre opprustingsforslag av over 80 år gamle Muradalen kraftverk inkludert det NVE tilrådde, sit me igjen med ei utbetring av anlegget som alt er der. Det betyr at kraftlinjene ned dalen blir ståande, røyrgatene blir liggjande i dagen og ikkje lagt i fjell og eksisterande demningar blir nytta slik dei er. I tillegg blir også klossen av ein kraftstasjon i Muradalen ståande, men med ny maskin. Går alt etter planen vil me investera for kring 50 millionar kroner og tredobla produksjonen frå dagens 8,5 GWH til 25 GWH med denne løysinga, seier Terje Enes.Kvinnherad Energi hadde fått NVE-støtte for ei utviding til 68 GWH prisa til 118 millionar kroner, og Enes meiner kommune og kraftlag på sikt går glipp av ei milliardinntekt med gårsdagens nei.- No ventar me på skriftleg tilbakemelding frå departementet før me avgjer kva tid nødvendig utbetring av dagens kraftanlegg kan starta, seier Enes.