LARS MÆLAND lars.maeland@bt.no Stord

– Dei nasjonale naturverdiane i dette området er store. Eg finn derfor at ulempene er større enn fordelane ved ei utbygging i vassdraget, sa Olav Akselsen då han utdjupa regjeringa sitt nei til den omstridde kraftutbygginga i Baroni-bygda Rosendal. Akselsen hadde tatt turen til Rosendal for der å koma med svaret. Eit svar som har vore venta på lenge, og som nok var i tråd med det dei fleste hadde spådd. Etter at Høgre for kort tid sidan sa at dei ville gå mot utbygging i Hattebergvassdraget når saka kom til Stortinget, hadde Ap-regjeringa måtte søkja støtte frå Framstegspartiet for å få utbygginga gjennom. Det er ikkje beste alliansepartnar i eit valår for eit regjeringsparti som strir med miljøprofilen.

At regjeringa no vernar Hattebergvassdraget mot vidare kraftutbygging, inneber at søknaden frå Kvinnherad Energi om utviding av Muradalen kraftverk i Kvinnherad blir avslått. Kvinnherad Energi har søkt om opprusting og utviding av det eksisterande Muradalen kraftverk i Hattebergvassdraget. Regjeringa seier no nei til dei omsøkte alternativa for opprusting og utviding av kraftverket.

– Dei nasjonale naturverdiane i dette området er store. Eg finn derfor at ulempene er større enn fordelane ved ei utbygging i vassdraget, understrekar Akselsen.

Regjeringa er positiv til etablering av eit Nasjonalparksenter i Rosendal, og vil drøfta med Kvinnherad kommune kva for innhald ein kan gje, og korleis ein kan organisera eit slikt prosjekt.

Les også: — En seier for vassdragsvernet