Ferja har tent HSD sidan leveringa i 1967, og vore innom svært mange av selskapets samband. No er snart tida som aktivt ruteskip over, ho er både for lita og stettar ikkje dagens krav til effektiv drift. «Skånevik» var eit av dei skipa HSD fekk bygd som skulle nyttast i typiske turistsamband, og hadde stor utsynssalong oppe. Desse ferjene var blant dei siste i landet som vart bygd før staten standardiserte utforminga av ferjetypane.

Hordaland Fylkeskommune har tatt eit viktig og ikkje minst eit riktig initiativ til å få tatt vare på «Skånevik». Ho er nærast identisk slik ho var ved levering, og HSD har tatt godt vare på henne. Ho er også representativ for ferjer frå andre fylke langs vestlandskysten. Å få bevart eit fartøy på eit så tidleg stadium at ein slepp å byggje båten attende til noko den var, er ekstremt kostnadsriktig form for fartøyvern. No har me ein unik sjanse til å få tatt vare på eit fartøy slik det er. Riksantikvaren nemner spesielt «Skånevik» i sin «Handlingsplan for Fartøyvernet 2002-2006», der dei mellom anna skriv: «... og er nå en av få ferger igjen fra denne perioden som fremdeles er i god stand. «Skånevik» har tilnærmet opphavelig utseende og innredning og bør bevares.»

Tanken med å få innkjøpt skip når dei vert utfasa frå si opphavlege driftsform, er framtidas måte å drive fartøyvern på. Men skal ein klare slike innkjøpsløft, må det offentlege vere med å leggje til rette for dette. Det er no dette Hordaland fylkeskommune gjer, dei driv fram dette prosjektet fordi dei også ser verdien av dette skipet slik det er i dag. Det er også viktig at andre offentlege etatar viser vilje til å vere med. Statens Vegvesen er ein naturleg samarbeidspartnar i eit slikt arbeid, også Norsk Vegmuseum og andre bør kjenna si besøkelsestid.

Med ferja «Skånevik» kan Hordaland og vestlandsfylka få sin kulturbåt attende. Eit skip som «Skånevik» har stor bruksverdi, og kan nyttast til mange fylkeskommunale føremål. Ein kan tenkje seg eit aktivt skip nytta til mellom anna teaterføremål, museumsføremål, bokbåt, det er berre fantasien (og økonomien) som set grensene. Eit flytande og flyttbart kulturhus!

I Salhus er den gamle ferjekaien restaurert, og den manglar berre ei ferje i støet. Det vert sagt at hus treng folk, og folk treng hus, men det same kan ein sei om ei kai: Båt treng kai, og kai treng båt!

At Hordaland fylkeskommune no set i gang med aktivt fartøyvern, ser eg på som svært positivt, og dei fortener all honnør for initiativet! La oss vone at prosjektet kan realiserast, og at alle skjønar kva det er for ein kulturskatt det er me har i motorferja «Skånevik».

Av Viggo Nonås,