TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

Den skadde amerikanske klatraren har mellom anna vore på toppen av verdas høgaste fjell, Mt. Everest, heile seks gonger.

Saman med ein amerikansk klatrekamerat vart dei to melde sakna klokka 23 i går kveld, då dei ikkje hadde returnert til hotellet dei budde på Hemsedal frå isklatring i Lærdalsdalen.

Lensmann Olav Teigen i Lærdal rykte ut, og fann bilen til dei to like ved Jutlafossen i Lærdalsdalen. Ei tid etter observerte lensmannen lys i fossen.

Ein erfaren lokal fjellklatrar vart kontakt, tok seg opp fossen og fann dei to.

— Den skadde skal ha falle 30 meter i tauet han hadde på seg. Då fallet stoppa, vart han slått inn mot fossen og fekk skader i rygg og lunge. Men etter dei opplysningar vi har fått frå sjukehuset, har amerikanaren det etter forholda bra, seier Lærdallensmannen til Bergens Tidendes nettavis.