DEBATT

Av Torstein Hjellum

«Oslo og Akershus bidrar mest og mottar minst» av verdiskapinga i samfunnet. Distrikta, og særleg Nord-Norge lever av distriktspolitikk som berre er ei form for sosialpolitikk. Denne gongen er det sosialøkonomar i NHOs teneste som er ute og argumenterer for dette synet. Endå ein gong er det derfor nødvendig å setja fram ein alternativ og motsett påstand mot dette. Den er slik: Tek ein utgang s punkt i kvar realverdiane blir skapt, det materielle grunnlaget for livet, kan ko n klusjonen bli den motsette: Det er perif e rien som er «sentrum», hovudstadso m rådet snyltar og utbyttar Di s trikts-Norge.

Det grunnleggjande problemet er kva som inngår i ordet «verdi» og «verdiskaping». Her praktiserer den sosialøkonomiske vitskapen framleies eit overflatisk og grunt resonnement. Det ligg til grunn for utrekninga av nasjonalproduktet. Alt lønna arbeid blir rekna som verdiskapande, og like viktig. Fisken som fiskaren i Finnmark dreg på land i løpet av eit døgn, kan slik sett sidestillast med to timars papirflytting av ein byråkrat i Oslo. Verdibegrepet er vanskeleg, men ein treng ikkje vera stor filosof for å forstå at det har vesentlig ulik verdi det arbeidet som skaper materielle varer i ein marknadsøkonomi og administrasjon av den same verksemda, det vere seg aksjespekulasjon eller offentleg papirarbeid. Utan aluminiumsarbeidarar, fiskeoppdrettarar eller oljearbeidarar i Nordsjøen, ingen børsspekulant eller bankdirektør.

To av måleinstrumenta som sosialøkonomane til NHO brukar på å fastleggja verdiskapinga, er eksport etter landsdel/fylke og skatteinntekter pr. innbyggjar. Høgst problematiske mål. Når Hydro eksporterer aluminium produsert på Vestlandet, er det høgst sannsynleg at det blir registrert som eksport frå Oslo, der konsernet har hovudkontoret. Skatteinntektene er høge i Oslo/Akershus fordi det er her dei høgaste lønnene blir utbetalt.

La meg repetera ei samanlikning mellom «periferien» Vestlandet (her definert som Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) og «sentrum», hovudstadsområdet (her definert som Oslo og Akershus):

Dei to regionane har omtrent like stort folketal, rundt ein femtedel av folkemengda i heile landet, kvar. Men folketilveksten til hovudstadsområdet har vore større enn i nokon annan del av landet. Ser me på kva slags folk det er som samlast i «sentrum», er det folk som administrerer kapital (rundt 40 prosent av alle i Norge som syslar med «finansielle tenester og eigedomsdrift»). Det er dobbelt så mange som på Vestlandet. Vidare er det folk som syslar med «statsforvaltning». Ein av tre statsforvaltarar i Norge held til i Oslo-gryta. Det er også dobbelt så mange som på Vestlandet. Derimot har Vestlandet nesten dobbelt så mange menneske som syslar med å produsera olje, elektrisk kraft og industrivarer. Motstykket til fisken, aluminiumet, boreplattformene og vasskrafta på Vestlandet, er bankane, Børsen og regjeringsbygget i Oslo. Det er realverdiane som er kapitalen, pengane og verdipapira som sirkulerer er berre dei symbolske uttrykka for realverdiane. Dette blir tilslørt, ja, rett og slett sett på hovudet i den sosialøkonomiske vitskapen. Eit grep er også å halda oljeverksemda utanfor. Denne verksemda utgjer rundt fjerdeparten av verdiskapinga i landet, men finn så absolutt ikkje stad i hovudstadsområdet. Derimot er det på Vestlandet at storparten av den olje— og gassrelaterte industrien finst. Her blir olja og gassen ilandført i stor grad. Naturleg nok, for det er hovudsakleg på den vestlandske kontinentalsokkelen at desse naturressursane vert produsert. Sjøterritoriet der desse ressursane finst, er definerte som nasjonal eigedom, men arbeidskrafta som produserer desse produkta har i all hovudsak vore vestlandsk.

Frå Oslo/Akershus blir verdiskapinga i landet i stor grad administrert. Det er sannsynlegvis nyttig og nødvendig, for det meste. Men utan aluminium, fisk, ost og olje ville mykje av denne administrasjonen vore utenkjeleg. Og det er maktforhold i økonomi, politikk og meiningsdanning som produserer den inntektsfordelinga me har, mellom sosiale grupper eller klassar, mellom by og land, mellom «periferi» og «sentrum». Det er stort sett «sentrum» som produserer ideane om at Oslo/Akershus er det sentrale i verdiskapinga. Økonomane i NHO, «sentrumsøkonomane», avfeier problemstillinga slik: «Regionene er avhengige av hverandre og spørsmålet om hvilket område som er viktigst, kan derfor legges bort som lite relevant.» Deretter legg dei ut om kor kostbar distriktspolitikken er, eit botnlaust sluk, og stiller spørsmålet: «Hvor mye synes distriktene at de har krav på at innbyggerne i mer sentrale strøk skal betale til folk i resten av landet?»

Definisjonsmakt, det å kunna leggja premissane for dei begrepa me nyttar for å beskriva verda, er ei viktig form for makt. Ho ligg ofte innbakt i «vitskapane», som sosialøkonomien slik han blir definert ved universiteta. Hermed er folk i «periferien» advart - endå ein gong: sluk ikkje «verdi»-begrepet til sosialøkonomane ukritisk, for då kan «sentrum» ta endå fleire jafs av oss.