Av Per Ytrehus,reg.dir. NHO — Sogn og Fjordane

Det ligg ikkje til meg å gå i forsvar korkje for Atle Hamar eller andre politikarar for den del. Det er dei i stand til sjølve.

Når det gjeld Hamar sitt utspel, bygger det på nokon resonnement og veldokumenterte fakta som både underteikna og mange med meg er innforstått med, men som BT tydelegvis ikkje ønskjer å formidle. Då er det som regel god og verknadsfull taktikk å «ta» mannen og dermed vere ferdig med ei brysam sak.

«Ja, dei gjer seg tankar, slike òg, når ein ser verda frå Jølster,» er BT sin sluttsats.

Sjølv har eg gjennom mange år i politikk og næringsliv komme fram til at sjølvstendige tankar stort sett er langt å føretrekke framfor ingen tankar.

Som fast abonnent av BT gjennom meir enn 30 år, må eg diverre konstatere at den redaksjonelle leiinga i avisa synest å vere i stort underskot av samferdslepolitisk kompetanse. Derimot blottlegg den ved dette høvet ein arroganse, ikkje berre mot personen og kommunen, men eigentleg mot Sogn og Fjordane, som ein burde halde seg for god for.

Som den største avisa i vestlandsregionen, ein landsdel som med 25 prosent av folketalet står for 42 prosent av fastlandet sine eksportverdiar, burde ein kunne vente at den var ein medspelar på laget for at samfunnet sine infrastrukturmidlar vart fordelt på ein slik måte at regionen si vekstkraft kan vidareutviklast. Eit slikt engasjement har eg sett lite av.

I 1999 vart det lagt fram ei undersøking, utført av Asplan Analyse, der ein hadde sett på korleis dei offentlege samferdslemidlane var fordelt fylkes/regionvis i perioden 1989- 1998. Den viser ein aukande konsentrasjon av midlane mot Oslo-regionen som i 1998 fekk heile 65 prosent av kaka. Ein trend det er lagt opp til å vidareføre gjennom Nasjonal Transportplan 2002- 2011.

Vidare viser analysen at det pr. hovud i Oslo/Akershus vart løyvd nær kr 4000 samferdslekroner mot tilsvarande kr 1053 i dei fire Vestlands-fylka. Går ein bak tala, noko Atle Hamar med fleire har gjort, vil ein lett sjå at det er dei vanvittige kostnadane ved banedrift som fører til denne misfordelinga.

Eit godt døme på dette, som sjølv BT burde begripe, er Gardermobanen. Ei av dei mest trafikkerte banene i NSB-systemet. Som kjent sanerte Stortinget 9 milliardar kroner av gjelda på denne for at det i det heile skulle kunne skapast eit økonomisk driftsgrunnlag.

Denne banen har årleg 4 mill. reisande, tilsvarande 200 mill. passasjer/km. I Sogn og Fjordane har vi gjennom dei siste tretti åra også fått 9 milliardar kroner, – til vegutbygging. På desse vegane vert det årleg produsert 80 mill. reiser, tilsvarande 1,2 milliardar person/km, og dessutan 500 mill. tonn/km gods. Noko som syner at sjølv i utkantfylket Sogn og Fjordane er produksjonsverdien på investert kapital i veg 10 gonger større enn det beste baneprosjektet.

Legg ein dei 14 milliardane som det etter NTP 2002–2011 skal investerast i dobbeltspor aust og vest frå Oslo, til Ski og Asker, inn i E-39, vil ein kunne bygge ut denne i full stamvegstandard frå Kristiansand til Trondheim.

Her ville produksjonsverdien av investeringane bli minst 20 gonger større.

Dessutan er dette ein del av den infrastrukturen Vest-Norge sitt næringsliv har bruk for.

Til slutt vil eg ønskje BT med sin relativt unge redaktør lukke til med bybanen. Dei økonomiske utfordringane ved bygging og drift av denne er han truleg ung nok til å få høve til å behandle redaksjonelt ved mange korsvegar. I mellomtida vil det kansje ikkje vere så dumt å ta eit opphald på Jølster. Fleire burde observere verda frå den kanten.