TERJE ULVEDALJAN STEDJE terje.ulvedal@bt.noEit velretta skot sende sauemordaren over i dei evige jaktmarker. Og jegeren, Gunnar Dokk, vart førstemann sidan 1960 som har skote jerv i dette området.Gunnar Dokk hadde verken dama eller øl med seg på denne heilt spesielle "hyttejakta", 1500 meter over havet. Tålmodig person — På ein så spesiell jobb, på ei svært trang hytte, nyttar det ikkje å ha med selskap. Når ein ligg i døgn etter døgn og venter på jerv, er det best å vera aleine, seier Dokk som vedgår at han er ein usedvanleg tålmodig person.- Ein kan ikkje vera rastlaus type på eit slikt oppdrag. Her må ein nok pent finne seg i å vente i kanskje eit par-tre hundre timar, seier jervedødaren Dokk til Bergens Tidende.Denne gangen venta han altså i 120 timar i hytta. Før det smalt. Og jerven låg stokk daud 60 meter fra hyttevindauga, i fjellområda mellom Lærdal og Ål kommune.- Eigentleg utruleg at eit slikt lite dyr kan gjere så stor skade, seier gardbrukar Lars Nesse på Borgund i Lærdal til Bergens Tidende.- Jerven er i godt hold. Han har tydelegvis hatt det bra i matvegen. Dyret skal stoppast ut, seier Nesse. Trefotingen i Gloppen Sist det vart skote jerv i Sogn og Fjordane var i desember 1985. Då vart den nesten berømte "Trefotingen" felt i Gloppen. Denne jerven hadde gjort stor skade i saueflokkar i Nordfjord-kommunen. Dei siste åra har jerv påført store skader på saueflokkar i Indre Sogn. Så seint som sist haust miste enkelte bønder opptil 50 lam på beite, og jerven får skulda for å ha teke livet av brorparten.I fleire år no har det vore jakta på jerv i Sogn og Fjordane, men utan at jakta har lukkast før tysdag.