innblikk

OLAV KOBBELTVEIT

Normalt skulle Venstres vesle opprør minna litt om lusa som hosta i lovotten. Men Venstre har ein viss tradisjon for å gjera mykje utav seg, meir enn det strengt tatt er dekning for.

Venstre har to av 67 representantar i Bergen bystyre. No skal desse to få meir å seia enn ein av sju i byrådet. Ein må truleg ha politisk innsikt på eit høgare nivå for å forstå dette resonnementet.

Kulturbyråd Geir Kjell Andersland gjorde situasjonen vanskeleg for seg. Han har ofte meint – og kanskje har han rett? – at livet er betre og graset grønare på andre sida av gjerdet. No ville han, blant anna, bli direktør på Norges Idrettshøgskole. Det kan diskuterast i kva grad ein byråd pliktar å underretta overordna om at han er ute på arbeidsmarknaden, og det kan opplagt finnast grunnar for ikkje å gjera det. Men når han blir konfrontert med at han faktisk har søkt ei stilling, så bør han leggja korta på bordet. Den synda ville vore til å leva med. Andersland valde alternativet. Det var ikkje så klokt. Det finst det jamvel venstrefolk som meiner.

Kva gjer så sentrale medlemmer i Bergen Venstre? Jau, dei blir litt snurt, uttrykkjer formell tillit til Andersland og vil straffa Anne-Grete Strøm-Erichsen med å trekkja seg frå byrådet. Er dette forstandig?

Ap-arroganse Neppe. Men det finst ein del oppmagasinert frustrasjon i Bergen Venstre. No føretek partiet ei litt ulukkeleg kobling mellom Anderslands avgang og ei generell misnøye med det dei oppfattar som Arbeidarpartiets arroganse. Det er synd, fordi også veljarane no oppfattar at alt dette handlar om Andersland. Det gjer det ikkje.

Det er særleg to saker Bergen Venstre har hatt tungt for å svelgja. Den eine er Ringveg Vest, eit av dei mest vitlause vegprosjekta i vår del av verda. Ringveg Vest ligg som ei udetonert bombe under bybanen, fordi ingen, med eit mogeleg unnatak for Arne Jakobsen, i fullt alvor trur det er råd å skaffa pengar til begge prosjekta samstundes. Her søkte Arbeidarpartiet kontakt med Høgre bak Venstres rygg, og skaffa seg dermed fleirtal for eit utvatna Bergensprogram.

Utillateleg Den andre saka var barnehageplanen, som rett nok til slutt fekk ei utforming ikkje så ulik den Venstre ønskte. Men då saka verserte frå byrådets hand, i si mest uspiselege form, var det Venstres byråd, Geir Kjell Andersland, som måtte fronta saka. Då kunne veljarane vanskeleg få auga på at Venstre står nokså nær Høgre i sitt syn på private barnehagar. Arbeidarpartiet var på si side kjappe til å ta æra for det kompromisset som til slutt vart inngått med Høgre. Venstre sat att med frustrasjonen.

Det er det råd å forstå. Slike manøvrar inngår ikkje i kategorien tillitskapande tiltak.

I tillegg er det slik at Arbeidarpartiets nedervde arroganse også slår inn på lokalplan i Bergen. Der har byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen relativt lite å svara for, bortsett frå i prosessen som førte fram til at Andersland vart fråteken skule og idrett. Men det finst andre som har ei litt barnsleg glede av å visa kor makta sit.

Eide ikkje undertrykt På den andre sida – det er ikkje alle i byrådet som let seg hersa med. Og då Venstre hadde Gunn Vivian Eide som kommunalråd, somme kan framleis hugsa det, så var det ingen som meinte ho var undertrykt av Arbeidarpartiet.

Venstre seier at bakgrunnen for utmarsjen frå byrådet er generell frustrasjon over tidlegare nederlag. Men det er det vanskeleg å få folk til å forstå, fordi det liknar så veldig på ein protest mot Anderslands avgang.

No glippar makta. Samstundes skal partiet stå fast på avtalen dei har skrive under, og framleis vera ein del av det parlamentariske grunnlaget byregjeringa byggjer på.

De rene og ranke Det er eit resonnement som strir mot alt Venstre har kome fram til på sentralt hald, og det minner mest av alt om eit tidlegare SV og Rudolf Nilsens «Gi meg de rene og ranke...». Tida vil visa om det er eit standpunkt Venstre kjem til å angra på når partiets kvinner og menn får tenkt seg om.

Det kan finnast situasjonar der rein og rank opposisjon kan vera å føretrekkja framfor eit kvalmande samarbeid. I Sosialistisk Venstreparti har dei vingla i dette spørsmålet. Men for SV er dette så mykje verre, fordi dei skal samarbeida med det partiet dei i si tid braut ut av, og som alltid seinare har behandla dei som boss. Kan Ap i Bergen verkeleg ha behandla Venstre så ille at livet ute i kulda er å føretrekkja?