Av Einar Nordgulen

Det ligg vel kanskje nær for eit politisk parti på nedtur å finne lettvinte svar på sentrale, vridne spørsmål. Men her bør Venstre gå i seg sjølv og verkeleg tone flagg der det trengst; nemleg når det gjeld politiske prinsipp. Partiet har eit prinsipp-program det står respekt av; det gjeld berre å målbere programmet! Underskrivne var inne på dette dilemma i eit lesarbrev den 20. f.m., og gjentar gjerne konklusjonen her: Veljarane veit ikkje kva Venstre står for. Talsmenn for partiet er ikkje i stand til å marknadsføre politikken.

I ein kommentar til det innlegget eg nemner ovanfor, kjem også leiaren for Bergen Venstre inn på dette at sympatisørar melder seg inn i og ut av partiet, utan eigentleg å klargjere kvifor dette skjer. Det faktum at medlemmer melder seg ut, treng ikkje nødvendigvis vere politisk grunngitt – det kan rett og slett skje på grunn av mangelfull organisatorisk struktur, skulle eg meine. Derimot «finsliper» dei standhaftige sine politiske standpunkt, og skal visstnok vere på offensiven. Som eksempel på standpunkt blir det vist til ein viss medisinstudents syn på planane om bybane. Men det kan for skams skuld ikkje vere lokale, trafikale spørsmål som skal utgjere Venstres samferdselspolitikk!

For vidare å komme med merknader til innspelet frå leiaren i Bergen Venstre må eg få sagt at det slett ikkje er underleg at Bondevik let vel om Venstre. Ikkje hadde han blitt statsminister utan dette partiet i 1998, og sanneleg «må han sette sin lit til Venstre» om han skal kunne avløyse Stoltenberg. Men oppslutnaden om Venstre på riks— så vel som på lokalplanet er katastrofal, og difor Venstre-folk i leiarposisjon: Fortel veljarane kva de står for! Framfor siste kommuneval kom Høgre effektivt på banen med sine skolereformative planar og vann ein del på dei. Nyleg understreka både Sp og KrF kor viktig det er å satse på skole og utdanning. Kva sa og seier Venstre? Ingen ting! Forsvarspolitikk? Nei, det blir for strevsamt. Partiet har visst ikkje noka meining om strategi, heller.