Av Terje Breivik,

leiar Hordaland Venstre

Dørum og Sponheim må tilbake til Stortinget. Dei påstår òg at Venstre gjennom regjeringsdeltakinga er sterkt medverkande til at tempoet på nedbygginga av staten og innsnevringa av rommet for den offentlege politikken har akselerert. Som leiar i Hordaland Venstre set eg pris på at to nestorar bryr seg og finn det verdt å engasjera seg på vegner av partiet. Så får eg stola på at dei veit kva som er til partiet sitt beste når dei vel å gjera det gjennom aviskronikkar og ikkje på opne, interne møte.

Det er etter måten lett å føra argument i marka for at Venstre kan tena på både å sitja i regjeringa og å gå ut av ho. Utover å slå fast at det er brei semje i partiet om at det trass alt er rettast å ta ansvar og delta i regjeringa når partiet vart spurd om det hausten 2001, let eg den drøftinga ligga.

Hovudbodskapen til Rossback/Espelid er at Venstre i beste fall vert oppfatta som eit lyseblått høgreparti, og i verste fall er usynlege og utydelege. Om dette er rett eller ikkje, er heller ikkje det viktigaste å gripa tak i, likevel er det eit faktum at partiet slit med urovekkjande låg oppslutning. At løysinga er så enkel som å gå ut av regjeringa, har eg diverre lite tru på

Kva er det som gjer at eit parti får røyster og scorar på meiningsmålingar? Er det så sikkert at det har med ein tydeleg profil eller ikkje? Kven veit til dømes kva Framstegspartiet har som overordna mål om dei hadde hatt makt til å gjennomføra programmet sitt? Veit me noko om korleis samfunnet vil verta om Sosialistisk Venstreparti hadde kunna innført sin ideologi, sosialismen, som den rådande i Norge? Eller for den del; veit me om partiet framleis er sosialistisk? Likevel har begge desse partia ein oppslutnad som verkar uoppnåeleg for Venstre. Kvifor? Kva har dei som Venstre ikkje har? Korleis skal Venstre kommunisera og kva saker skal ein leggja vekt på utad for å oppnå ein tilsvarande effekt? Om Rossback/Espelid vil bruka røynslene sine og dela av kunnskapen sin gjennom å drøfta slike spørsmål, skal eg lova eit parti som vil ta imot råda med interesse og takksemd.

Det er heller ikkje særleg sannsynleg at Venstre skal få utretta meir med den kanskje største utfordringa av alle i dag; å styrkja høvet for overordna politisk styring og kontroll med samfunnsutviklinga, gjennom å verta eit tomanns opposisjonsparti, utan maktpolitisk interesse og funksjon på Stortinget. I eit slikt perspektiv er kronikken diverre lite konkret.

Å gje regjeringa skulda for at tempoet i å innsnevra handlingsrommet for politisk verksemd har auka dei siste åra, er vel likevel ei noko enkel analyse av stoda? Diverre er ikkje ei slik utvikling eineståande for Norge. Gjennom ei meir eller mindre medviten satsing på internasjonal marknadsliberalisme dei siste tiåra, har ein overlete stadig meir makt og kontroll til store, multinasjonale verksemder og overnasjonale institusjonar som WTO (Verdas Handelsorganisasjon). Vestleg kultur vert meir og meir prega av at materiell velstand er eit langt viktigare ideal å nå enn å vera ein samfunnsnyttig borgar. Politikarane er sjølvsagt ikkje upåverka av utviklinga. Kjølege bedriftsøkonomiske ideal og kortsiktige, ofte populistiske løysingar vert i aukande grad nytta for å setja mål for samfunnsutviklinga og den offentlege verksemda.

Sosiologen Zygmunt Baumann, skildrar samtidas fellestrekk rimeleg treffande: Fellesskapa er vortne mellombelse, og forvitringa deira etterlet seg eit sakn. Samstundes har oppfatninga av framtida som eit felles prosjekt, der alle er deltakande borgarar med både plikter og rettar, kome under press. Mobilitet og personleg tilpassingsevne er viktigare enn lojalitet og gruppetilhøyrsle. Færre trur på at det er mogleg med eller ønskjeleg med kollektive strategiar. Parallelt med at kollektivet har fått redusert retten sin til å stille krav til individet, har individet mista tilliten til at fellesskapet kan eller vil ta ansvaret for framtida til individet.

Prosessen som i etterkrigstida mildna plagene til millionar av fattige og hjelpelause fordi ein såg på fattigdom som kollektivt ansvar og politiserte det, vert i dag reservert. Den strategiske marknadstenkinga undergrev storparten av det som heiter menneskeleg ansvar. Ein vil oppnå mest mogleg med minst mogleg risiko eller langsiktig forplikting, det gjeld ikkje å involvere seg slik at ein kan tapa noko. Haken i eit slikt samfunn er at når alle andre òg tenkjer slik, kan det lika gjerne verta du som sit att som taparen. Er det t.d. sikkert at yrkesvegen du valde og den staden du bur, er den best tenkjelege? Om ein alltid er på utkikk etter himmerike på jord, kan verda verta eit reint helvete.

Baumann ønskjer, som Venstre, å gjenreisa det personlege, individuelle ansvaret for å ta vare på kvarandre, å gjera medborgarar av oss. Er skildringa ovanfor nokolunde presis, er det liten tvil om at det er eit stort behov for eit sosialliberalt parti som set borgaren, det myndige mennesket som bryr seg, i høgsetet for all politikk. Eit parti med eit menneskesyn som tilseier at dei som vert viste tillit og tek ansvar, for seg sjølv og for fellesskapet. Korleis skal det moderne velferdssamfunnet overleva om me ikkje har politiske leiarar og ideal som på nytt maktar å gje det status å bry seg og å vera medmenneske?