I seinare år er dagen for min del blitt feira i eit bygdelag nær Bergen. Fleire og fleire går med nasjonalbunader, men samstundes er det blitt meir internasjonalt sus over talen for dagen enn før; altså ut med eidsvollsmennene og 1814, 1905, 9. april og alt det der. Talarane nyttar høvet eksplisitt til å gå til åtak på rasismen og rasistane, og då får dei implisitt sagt at det norske folk er imot innvandring av folkeslag med heilt andre kulturar og normer. Sjølv om desse fjernkulturelle av erfaring veit dette frå før, er det tvilsamt om dei set pris på å bli minna om det, for det er ei patent kjelde til frustrasjon. Kanskje det er ein av grunnane til at dei unngår å høgtide nasjonaldagen saman med oss? Då blir dei iallfall spart for dette.

MAGNE BORTNE