Reisande frå Bergen hadde heile tre gamle fjordabåtar å velja mellom, M/S «Granvin», M/S «Midthordland» og M/S «Bruvik». I tillegg la tre gamle rutebilar, to fanabilar og ein osbuss vegen til Austevoll.

— Det vart ein svært fin dag med mellom 300 og 400 reisande, seier Øyvin Konglevoll, som var med på arrangementet.

I tillegg til veteranbåtar og -bussar var tre veteranbrannbilar med, men eit større veterantreff på Voss trekte andre veterankøyrety til innlandet.

— Folk kunne ta båt ein veg og buss tilbake, men dei aller fleste valde båt begge vegar, seier Konglevoll.

Men når dei først var komne til Austevoll nytta dei fleste høve til ein busstur til Hufthamartunet, dit dei gamle bussane gjekk i skytteltrafikk.

Elles var det kulturtilbod med musikk om bord, og skulemusikk på kaien. Og sjølvaste sildakongen, som var med som passasjer, nytta høvet til å dra nokre skrøner.

Foto: Helge Sunde