Av Alf Jansen, Voss

Høgre/Frp kan seie at dei har fått veljarmandat for lågare skatt og meir marknad. SV kan med same rett vise til at mange veljarar vil ha meir miljø og tryggare velferd. Ap har mist truverdet. Høgre er best til å føre høgrepolitikk. Dermed lekkjer Ap i begge endar – til venstre og høgre, og ligg inntørka att.

KrF har nøkkelen til regjeringsdøra. Bondevik kan sette seg på Petersens fang og gi landet ein solid høgrevri. Eller han kan snakke litt med restane av sitt sentrum, og saman med Ap og SV få til ein politikk som set miljø, velferd og distrikt i sentrum.

Konkret bør alliansen kunne bli samd om å legge bort planane for ureinande gasskraft, halde fast sjukelønna, styrke kommuneøkonomien slik at m.a. skulen kan få eit løft, og bruke det handlingsrommet som EØS-avtalen trass alt gir oss til å føre ein politikk som sikrar distrikt og bygdenæringar. Dessutan må det komme etiske reglar for oljefondet, og u-hjelpa må heller opp enn ned.

Eit slikt minimumsprogram bør ha solid fleirtal i det nye Stortinget. Då kunne høgresida isolerast som dei kremmarar og frisleppsfanatikarar dei faktisk er, og Ap kan få tid til å slikke sår og finne ut kvar dei faktisk høyrer heime – hos egoistane eller i fellesskapet. Men det krevst mot og vilje til nyorientering og konkret handling hos alle parti utanom Frp og H. SV-Kristin var inne på noko slikt i partileiardebatten valnatta. Kan vi våge å tru Jens og Kjell Magne finn dette interessant?