Av vegsjef Jann B. Jensen Statens vegvesen Hordaland

Kjelda for artikkelen var Statens vegvesen si avis «Vegen og vi», som BT har tolka som at vegsjefen i Hordaland vurderer å sleppe trafikken gratis gjennom bomstasjonen på Nordhordlandsbrua ein time i rushtida — morgon og kveld - kvar dag. Dersom vi går vel ein månad tilbake i tid så slutta haustferien for skulane ein sundagskveld med usedvanleg vakkert vêr. Den kvelden var det lange køar ved bomstasjonen. Spesielt for trafikken frå vegarmen mot Isdalstø vart ventetida lang. I etterkant av denne hendinga lova vegsjefen at ein ville sjå på om ein kunne unngå liknande problem i framtida.

Det er viktig å påpeike at det er ikkje problem med trafikkavviklinga gjennom bommen på Nordhordlandsbrua på vanlege dagar. Problemet gjeld eit fåtal fredagar og sundagar i samband med dei store utfartshelgene, spesielt om våren. Bakgrunnen for artikkelen i «Vegen og vi» var følgjeleg problema desse spesielle dagane med ekstra stor trafikk fredag ettermiddag og sundag kveld.

Bomstasjonen på Nordhordlandsbrua har i dag to felt for trafikk i kvar retning. Det er ikkje rom for fleire felt. Vegvesenet ser no på er om ein kan reversere eit felt på desse spesielle dagane, slik at vi får tre felt i ei retning og eitt felt den andre vegen. Sidan brua er nedbetalt om vel tre år er det ikkje aktuelt med store investeringar for å få til eit slikt opplegg.

Dette er bakgrunnen for at ein som eit alternativ til ordninga med reversible felt, vil vurdere å sleppe trafikken gratis gjennom bommen i ein kortare periode dei fem til ti dagane i året det er store problem med trafikkavviklinga. Kostnaden med denne løysinga vert vurdert opp mot kostnaden med å etablere reversible felt.

Vegvesenet har naturlegvis vurdert bruken av moderne teknologi med brikker. Men den korte perioden som står att før brua er nedbetalt kan ikkje forsvare at det vert investert eit tosifra millionbeløp i nytt utstyr i bomstasjonen. Eg vil også få understreke: Det finst ingen bomstasjon i Noreg med tilsvarande trafikk som driv så billig som stasjonen på Nordhordlandsbrua. Æra for dette har Hordaland fylkeskommune som bomselskap, HSD som innkrevjingsselskap og ikkje minst bomvaktene som gjer ein utruleg fin jobb og som ikkje har ansvaret for at det einskilde dagar er køar ved bommen.

Når Bergens Tidende i sin leiar prøver å få denne saka til å bli eit spørsmål om prioritering av kollektivtrafikk i høve til bruk av privatbil, ja så er det og ein bom, men i dette høvet ein skivebom.