Av John Kjell Fjeld,for Transportørforbundet vest

Vegsjefen og politikarane brukar kollektivtrafikken som pressmiddel for å trua fram slike løysingar. Det vegsjefen i Hordaland etter mi meining burde sett for lengst når det gjeld Sotrabrua, er at det er meir enn nok kapasitet. Bøygen er avkøyringane frå Storavatn og utover til og med Valakrysset. Det hadde han oppdage om han var vegsjef på heiltid, og ikkje deltidspolitikar.

Lokalsamfunna er avhengige av tenleg vegnett. Å innføre ei generell vegprising vil ramme driftsvilkåra for næringsverksemda. Produksjons— og handelsbedrifter er heilt avhengige av varestraumane til og frå verksemdene. Varene er for desse bedriftene like viktige som arbeidarane er. Varetransportane til distrikta har allereie høge nok kostnader. Ved val av verkemiddel må ein ta omsyn til at varetransport kan sidestillas med annan kollektivtransport.

Vestlandet står for ca 40 prosent av nasjonalproduktet i Noreg (utanom gass og olje). Landsdelen har i mange år betalt nok bom- og ferjeavgifter. I meir sentrale delar av landet har staten betalt vegbygginga.

Det er skremmande at fylkespolitikarar vil forlenga bompengetida på Nordhordlandsbrua for å byggja tunnelar i Åsane. Bygging av stamvegnettet er staten og fylket sitt ansvar. Hordalandspolitikarane må no ta til fornuft og setja foten ned.

Bompengeringen rundt Bergen har for lengst gjort sin misjon og skulle ha vore avvikla. Kva skjer? – Ikkje berre forlenger dei tidsrommet, men dei doblar i tillegg satsane. At politikarane i Bergen prøver seg er galt, men at Stortinget velsignar det, er til å grina av. Når bompengeordninga vart innført, var det for eit klårt avgrensa tidsrom. Løftebrott frå politikarane er ikkje uvanleg, men er det rett framferd?

Noreg er eit av verdas rikaste land, men har ikkje råd til nokon ting lenger. Politikarane høyrer vi berre til kvar gong ein ny avgift skal innførast – og når det nærmar seg val. No forventar vi at stortings- og fylkespolitikarane frå Hordaland byrjar å tenkja på oss som skal leva i distrikta. Pengar finnast, og så mykje at vegsjefen kunne hatt fullt opp å gjera med å finna fram til korleis dei best kan nyttast.

Har ikkje politikarane betre fantasi enn å innføre nok ein avgift? Har dei søkt etter løysingar basert på bruk av positive verkemiddel? Eg trur at så vel transportbrukarane som oss transportørar i distrikta føler at kostnadene er for høge allereie. Ytterlegare avgifter vil svekkja konkurranseevna så mykje at vi må vurdera å flytta herifrå.