Eg veit om tilfelle der 9 vogntog har site fast samtidig i Skjervet vinterstid. Og ofte er det nok at eitt vogntog sit fast, så kjem ingen andre forbi heller, korkje oppover eller nedover. Denne vegen fører til fleire ulykker og mange farlige situasjonar gjennom året. Dette er altså ein par kilometer veg som skaper store problem for næringsliv så vel som private trafikkantar.

Den nye vegen bak Skjervet er vedteken og politisk og planmessig ferdighandsama, og arbeidet bør startast med ein gong. Dei regionale vegmyndighetene kan gjera prioriteringar innan sitt område og sitt budsjett, og i dette tilfellet bør ein eventuelt flytta pengar for å framskunda byggestart.

Når mediafolk uttalar seg om ymse vegprosjekt, så viser dei alltid til den eine eller andre transportplanperioden, og dermed er liksom alt sagt. Men transportplanane i landet vårt er vel ikkje like rigide som femårsplanane i sovjet-tida? Når vegadministrasjonen på Vestlandet ser eit prosjekt treng topp-prioritering,så bør dei sjå til at nettopp dette vert gjort. Dessuten kan det aktuelle prosjekt gjennomførast raskare enn mange andre. Det er snakk om to korte tunnelar og ei bru, så vil det største problemet på denne stamvegen vera løyst.

SVEINUNG SÅKVITNE HØYSKOLELEKTOR