Påstand, med fare for å verta stempla som gamaldags og kanskje som aksjonær i regntøybransjen: I mi tid på skulebenken tok ikkje det offentlege omsyn til motar og trendar.

Etter å ha vore med i ein del byggenemnder for skular har eg vore med på å teke omsyn til allmenn ventilasjon, lystilhøve (sol inn, med mogelegheit til å skjerma for sola når ho var der) o.l. Me tok aldri omsyn til at motar og trendar skulle prega skulebygningane på nokon måte.

På mine vandringar i Bergens-gatene i tidlege morgonstunder, merkar eg meg at mange som skal både til grunnskular, vidaregåande skular og t.o.m. til universitet og høgskular kjem utan noko vern mot det typiske regnvêret som har gjort Bergen vide kjend.

Mine tankar, som mann: Kor nyvaska er eigentleg kleda til dei som kjem gjennomvåte inn i klasseromma på skulane og korleis er lufta, for ikkje å seia lukta i klasserom/auditorium etter 3/4 time der? Når eg attpåtil er klar over at dei fleste ikkje har tilført sin kropp serleg mykje frisk luft etter førre skuledag, skulle det berre mangla at det offentlege skulle ta seg av det òg.

Det er ikkje berre karbondioksyd som bør vera gjenstand for undersøking på elevnivå i skulane. Det kunne også vera nokså interessant å nytta eit hygrometer (fuktigheitsmålar) for å finna skilnaden på RH (relativ luftfuktigheit) i tidsintervalla for ein «time» i klasseromet. Som eit medverkande moment i spørsmålet om inneklima/innelukt bør ein ta med ein regel: Ingen i klasseromet med våte klede/sko, alle ut i friminutta og vindauga opne ca. 10 cm i vippestilling kvart 3.ý4. kvarter.

Eg trur dette ville hjelpa noko og spara ein del kroner i betra ventilasjonsutbetringar ý i første omgang til den kommunale økonomien betrar seg slik at meir luksuriøse tiltak kan setjast i verk.

JOHN BIRKELAND