Regn og smeltande snø finn ikkje avløp i stikkrenner som har gått tette av snø og is. I Bergen renn vatnet gatelangs, og rekk enkelte stader høgt opp på bilhjula.

Problem i Bjørgeveien

I Bjørgeveien var det i føremiddag praktisk talt uframkomeleg, og politiet måtte ut og dirigera trafikken. Der er vatnet no veita bort. Men Vegmeldingssentralen får stadig inn nye meldingar, og har nok med å få sendt ut folk på veiting.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt også i dag. Vegen er ikkje rydda etter gårsdagens uvêr, og til natta blir han som vanleg nattestengt. Også Aurland-Hol er stengt om natta.

Stengt i Modalen

Ein lite trafikkert fylkesveg øvst i Modalen er stengt, men det er ordna med alternativ løysing for den som er avhengig av vegen.