TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Det vil i så fall kunne føre til ein svært vanskeleg situasjon for vassforsyninga i sognekommunen. Kring 300 abonnentar er utan vatn.

Medan dei andre tettstadene i Sogn og Fjordane som hadde store vanskar med vassforsyninga fekk orden på leidningsnetta sine utover gårsdagen, har gale vorte til verre i Balestrand.

Kommunen sleppte i går på meir vatn frå eit magasin i fjella over sognebygda, og trudde dette skulle auke tilsiget til vassverket. Men det gjekk som håpa. Kommunen utelukkar ikkje at tilsiget til vassverket vil stoppe heilt, dersom kulden og tørken heldt fram.

Utetter dagen vil vatnet verte stengt av sonevis. Dette vert gjort for å sikre vassforsyninga til Helsetunet fram til klokka seks i kveld.

I går oppretta kommune vasspost ved ei kjelde på på Thue, nokre kilometer utanfor sentrum. Til innbyggjarar som ikkje klarer å hente vatn sjølve, satsar kommunen på å køyre vatn.