TERJE ULVEDALPER MARIFJÆREN terje.ulvedal@bt.noDet vil i så fall kunne føre til ein svært vanskeleg situasjon for vassforsyninga i sognekommunen. Kring 300 abonnentar er utan vatn.Medan dei andre tettstadene i Sogn og Fjordane som hadde vanskar med vassforsyninga fekk orden på leidningsnetta sine utover gårsdagen, har gale gått til verre i Balestrand.Kommunen sleppte i helga på meir vatn frå eit større magasin i fjella over sognebygda, og trudde dette skulle auke tilsiget til vassverket. Men det gjekk ikkje som håpa. Kommunen utelukkar dermed ikkje at tilsiget til vassverket vil stoppe heilt, dersom kulden og tørken heldt fram. — Utetter dagen mandag vart vatnet stengt av sonevis, slik at dei aller fleste har hatt vatn deler av dagen. Kun eit fåtall har vore utan vatn heile tida, seier plansjef Arne Abrahamsen i Balestrand kommune. I går oppretta kommunen vasspost ved ei kjelde på Thue, nokre kilometer utanfor sentrum. Til innbyggjarar som ikkje klarer å hente vatn sjølve, satsar kommunen på å køyre vatn.