EINAR FØRDE

Eitt av dei mest spektakulære mistaka er at eg i ungdommen meinte at det private forbruket etter kvart ville spele ei mindre dominerande rolle i den politiske og faglege samfunnsdebatten. Nå synest det å vere viktigare enn nokon gong.

Bakgrunnen for slik naiv tru var sjølvsagt at etter kvart som miljøspørsmåla kom på den po-litiske dagsorden, kom også innsikta om at den rike verdas forbruk er ei viktig drivkraft for energisløsing, ureining, rovdrift på naturressursar og andre alvorlege miljøproblem. Derfor er det viktig å bremse veksten i det private forbruket. Denne innsikta har vi framleis. Miljøproblema er ikkje blitt mindre al-vorlege. Men Framtiden i våre hender og Steinar Lem er nå bortimot dei einaste som med konsekvens rettar kritisk søkelys mot vår forbruksutvikling.

Eg meinte også ein gong at etter kvart som velstanden auka, ville lønnskampen spele ei min-dre viktig rolle for fagrørsla. Eg trudde at maktspørsmål, rettane i arbeidslivet og andre velferds-spørsmål etter kvart ville gi fagrørsla sikrare legitimitet enn kampen for småkroner og timeløn. Men utviklinga har snarare gått i motsett lei. I dei siste tariffoppgjera har LO med styrke reist kravet om ei vidtgåande etterutdanningsreform. Eg har sett på dette kravet med stor sympati og interesse fordi eg er viss på at det rører ved noko av det viktigaste for den einskilde i dei næraste tiåra. Når tariffoppgjeret startar om nokre veker, er dette kravet kome i bakgrunnen. Årets tariffoppgjer er ein heroisk kamp for det private forbruket og mest berre det. Den såkalla venstrefløya i LO er særleg heroisk i sitt strev for å drive opp det private forbruket.

Til LOs forsvar kan det i alle fall seiast at den solidariske lønnspolitikken har sikra ei kontrollert lønnsutvikling med ein forbruksvekst som synest rimeleg. Men kva skal vi seie til at såkalla nye grupper med potensiell stor samfunnsinnsikt nå krev kollektivavtalar med 30–40 pst. lønnsauke i eitt oppgjer? Ein kan sjølvsagt seie at god fagleg strategi alltid har bestått i å stille krav som har sjanse til å nå fram. Ein kvar tosk kan stille maksimale krav og tru at det er framifrå innsats på vegner av medlemene. Ein må også sjå at lærarane, sjukepleiarane og politiet slåss for legitimiteten til sine fagorganisasjonar. Utvik-linga i samfunnet går eintydig mot større individuell og differensiert lønnsdanning. Det kan føre til tap av makt for organisasjonane. Så opplever vi at sjukepleiarane eitt år aksepterer avtalar med større differensiering av lønene. Nokre månader deretter streikar dei for større likskap. Større individualisering og differensiering er i seg sjølv forbruksdrivande. Men særleg blir dette tilfellet når ein sam-stundes vil ha enda feitare kol-lektivavtalar.

I det politiske landskapet er utviklinga endå meir deprimerande for alle som kunne tenkast å meine at det er viktig å sjå med kritisk blikk på for sterk auke i privat forbruk. Vi er omgitt av stadig meir høgrøysta miljøretorikk. Men i kampen om makta er forbruket heilt dominerande. Høgre hadde nokre gode tendensar i siste valkampen med si vektlegging av skule og undervisning. Men det drukna snart i skattelette. Den første re-gjeringa Bondevik som etter eige syn representerte høgre miljøbevisstheit enn alle tidlegare regjeringar, kvilte si makt på kontantstøtta og auka overføringar til dei eldre. Det var reformer som direkte førte til auke av forbruket. Dei milliardane var meint å gå rett over i forbruk sjølv om vi kan vone at nokre eldre fekk pengar dei ikkje er i stand til å bruke opp i ein fart. Miljøpartiet SV har ein lang og ubroten tradisjon som forkjempar for det private forbruket. Kvart einaste alternativt budsjett frå den kanten har hatt som siktemål å betre situasjonen for dei såkalla lægre og midlare inntektene. Det har vore radikale framlegg for å drive opp det totale private forbruket. Nett nå syng alle songen om å løyse fattigdomsproblema. Det er vanskeleg å vere ueinig i det. Det kjem til å føre til noen nye milliardar til privat forbruk. Så kjem det til å føre til eit nytt pendelutslag med debatt om snillisme og renessanse for slagord om at det skal løne seg å arbeide.

Det private forbruket vinn på alle frontar. Utviklinga i skattesystemet har ført til at skatt på forbruk ikkje berre er blitt ei stadig viktigare inntektskjelde. Men det er ofte også den einaste skatten mange av dei mest velståande betalar. Næringsskatten vår er ein av dei mest liberale i Europa. Formuesskatten spelar stadig mindre rolle og regjeringa vil ha den heilt bort. Likevel er vårt politiske ordskifte dominert av aggresjon mot moms og avgifter. Dersom denne aggresjonen vinn fram, vil det vere strålande draghjelp for nye rekordar i privat forbruk.

Eg høyrer alle dei fornuftige innvendingane om at privat forbruk også er nødvendig og bra. Eg er klar over at mange kjempar rettferdige kampar på vegner av mange som ikkje har det for godt. Men er det ikkje likevel grunn til å stanse litt opp og spekulere på kvifor det private forbruket blir viktigare til rikare vi blir?

Forbrukarstatistikken lyg ikkje. Milliardane i nye offentlege overføringar har ein ubehageleg tendens til å hamne i større bustader og fritidshus, dyrare bilar, fleire flyreiser og høgre alkoholforbruk. Det er sikkert nokon der ute i samfunnet som meiner at det er ikkje først og fremst dette det norske folket nå treng. Men vi høyrer så lite til dei.