FRIDTJOV URDAL

Om alt elende som var og er ... Men det ikkje plass til så my-kje på dei 60 liner som avisa har trudd meg. Og det er vel alt nok røyster i koret. I staden vil eg seie noko om «Vårt dyre fedreland». Eg såg ei avisframside her før jul, der stod det at ein professor i økonomi hadde rekna seg fram til at om ein avskaffa helvta av bøndene her i landet så ville ein få rimelegare mat. Det er slett ikkje nytt at kunnige folk på Handelshøgskulen og BI reknar seg fram til slikt. Det er gammalt nytt at dess færre norske bønder dess rimelegare mat. Det er vel å merke norske bønder det er for mange av. For heilt utan bønder ville sjølv ein økonomiprofessor få vanskar ned å mata seg. Norske bønder er urasjonelle og dyre.

Denne professoren har sikkert rett i og for seg. Men eg trur ikkje at han går langt nok. Det må vera mangt anna ein òg kan spare på enn berre bønder. Det må då vera eit kvart å spara på dei som arbeider med bondevarene òg. Vi veit at det meste i dette landet er dyrare enn i dei fleste andre land. Skattar og avgifter er høgare enn i dei land vi samanliknar oss med. Kva anna kan ein venta i eit så urasjonelt og tungdrive land.

Bøndene er ein liten del av eit stort elende. Det er i det heile eit under at det går an å tene noko her i landet så mødelege som tilhøva er. Vel skal vi vera eit tålsamt og saktmodig folk som finn oss i det meste. Men det lyt no vera gren-ser for alt. Tenk no når vi brukar 11 prosent av middelinntekta på mat. Hadde det ikkje vore for desse hersens bøndene så kunne vi ha vore nede i 7– 8 prosent.

Men det er likevel ikkje bøndene som er hovudproblemet. Berre sjå på kartet: Dette landet er altfor langt. Det er den reine galskap å driva verksemder i eit slikt urasjonelt og vidsveimt land.

Til og med verksemder i hovudstadsregionen klagar si bitre naud, dei er ikkje nær nok marknaden. Kor er det ikkje då med dei vest og nord.

Strukturrasjonaliseringa fekk retta på ein del, men det var for lite. Det kokte bort i politikk og distriktsromantikk.

No er ikkje økonomien korkje så eller så, men eg tykkjer professoren stoggar på halvvegen. Kva om ein tok bort alle norske bønder. Då måtte maten verta endå billegare. Dessutan så kunne ein få samla folk betre. Det treng då ikkje bu folk alle stader langsmed fjordar og inni avdalar. Då kunne ein snøra inn på infrastrukturen. Berre tenk på vegane og rutegåande trafikk i grisgrendte strok. Fekk ein bort bøndene kunne ein òg leggja ned nokre tusen mil med veg og i staden bruka pengar på breiare vegar der det trengst.

Vi kan sikkert òg kvitta oss med både fiskarar og fisketilverkarar. Kvar trålarane seglar til og frå tel ikkje det slag, så å seie. Det var den tid ein segla og rodde, at ein måtte bu nær fis-keplassen. Vi kunne leggja ned heile Nord-Noreg. Då fekk vi eit land som er mykje betre arron-dert. Det aller meste av industrien kan sikkert òg med fordel flyttast utanlands. Der er det billegare arbeidskraft og lempelegare skattereglar. Her er arbeidet alt godt i gang. Men etter som eg skjønar så er ikkje dette av omsyn til lønsemd åleine. Nei, ein flyttar ut fordi ein skal kunne sikre norske arbeidsplas-sar. Det fortel sitt om kor ille det er her til lands at ein lyt flytte 100 arbeidsplassar ut av landet for å kunne berge 8 norske. Slikt kan ein ikkje kalle anna enn patriotisme og offervilje. Det er sikkert dei som ikkje skjønar kor ille det står til. Dei ser seg blinde på at landet fløy-mer av mjølk og olje. At vi er av dei rikaste i verda er ikkje aktande. Vi kunne vore enno rika-re hadde vi hatt vit å stelle oss. Her må radikale tiltak til.

Vi må ikkje berre tømme landet nord for Trøndelag. Vi må tømme heile landet. Då fyrst kunne vi fått bort mykje urasjonelt og dyrt. Her har kapitaleigarar og pensjonistar alt synt ve-gen. Kor mykje ville vi tene på å sendt alle gamlingane or landet? Få dei over på helse— og om-sorgsbudsjetta i eit eller anna varmt, billeg land. Så sender vi alle sjuke og uføre etter. Eit rasjonelt helsevesen kunne då eigna seg åt dei produksjonsføre.

Sende vi òg dei som skal ha utdanning ut or landet, kan vi leggje ned kostnadskrevjande universitet og høgskular. Ein og annan professor i økonomi må det no vera råd å få avhenda. Dette og liknande ville frigje mykje kapital. Det beste for økonomien ville vore om ein kunne få tømt landet for folk og realisert alle verdiar. Vi kunne selje landet ut i smått.

Tømme det for fastbuande, leggje ned post, forsvar, storting og styring, kongehus og 17. mai. Ein treng ikkje staten Noreg for å drive økonomisk og effektiv. Kraftverk og oljeplattformene i Nord-sjøen kan ein køyre kvar som helst ifrå. Trengst der folk så er det råd å flyge dei ut og inn. Sameleis for laksemerdane kring i fjordane. Landet «nørdst i grendom» kan ikkje stetta dei krav ein har når det gjeld løn-semd. Landet lyt såleis - etter lovene om marknad og lønsemd - leggjast ned.

Ho besta hadde eit ord, ho: Grådigskapen eig ikkje mage-mål og vil ete opp alt, om det så var seg sjølv.