Sjefsmeteorolog Roar Inge Hansen i Storm Weather Center AS har laga denne oppsummeringa av verforholda i Noreg i året som gjekk.

Året starta med storm frå sørvest i Nordland med flom og jordras i sørlege delar av fylket (10-12.januar).

Regnras

I Glomfjord fall det 134 millimeter nedbør på berre eitt døgn. Grunnen til flommen og jordrasa skyldast ikkje berre nedbøren. Mange plussgrader i fjellet førte i tillegg til stor snøsmelting.

Den 13.januar var det nærmast sommartemperatur i Tafjord på Sunnmøre med 16,9 grader.

Veret i Påska (slutten av mars) var strålande fint i områda sør for Stad/Dovre. April og mai var ekstrem varm i heile landet og fleire stadar må ein meir enn 100 år tilbake i tid for å finne ein så varm vår.

Kald solby

I slutten av mai vart det målt 26-27 varmegrader så langt nord som til Finnmark. I Sunndalsøra vart det registrert 14 dagar i mai med temperaturar over 20 grader.

Ein pussig kurrositet var at ýsolbyený Kristiansand ikkje fekk nokon dag med over 20 grader i mai, mens Tromsø derimot fekk 3 dagar med over 20 grader. Varmen kulminerte omkring 10. juni og Høylandet i Nord-Trøndelag fekk årets varmaste dag den 9. juni med 32,5 grader.

Våt fellesferie

Deretter vart det kjølegare ý særleg i Sør-Norge med regn nesten kvar dag i områda sør for Stad/Dovre. Mange fekk derfor ein heller våt fellesferie, men Midt— og Nord-Norge opplevde tørke og uvanleg mange sommardagar. Den 11. juli vart det målt 30,7 grader i Saltdal og 29,0 grader så langt ute mot kysten som i Bodø.

Tordenflom

På Vestlandet og på Østlandet derimot så opplevde ein nokre dagar med kraftig regn og torden som førte til flom i enkelte større elver på Østlandet. Men den siste veka av juli kom varmen og sommarveret til Østlandet og Vestlandet.

I Bergen vart det målt 30 grader den 2. august, og på Vestlandet og i Trøndelag vart august den varmaste augustmånaden som er registrert sidan målingane starta for 140 år sidan. Også i Nordland var det varmt og etter fleire månader med nesten ingen nedbør førte dette til vassmangel mange stadar.

Varmen førte også til nokre dagar med kraftig regnskyll med torden. Natt til 21. august bøtta det ned i Bergen ý heile 70 millimeter nedbør fall i løpet av ca. 9 timar.

Oslo-sommer

Totalt for sommarmånadane juni, juli og august (totalt 92 døgn) fekk Oslo heile 74 døgn med temperaturar over 20 grader, derav 30 døgn med temperaturar over 25 grader. I Nord-Noreg fekk Saltdal i Nordland flest døgn med over 20 grader ý heile 61 døgn. Flest døgn med temperaturar over 25 grader fekk Nesbyen med 39 døgn.

Tidlig vinter

September starta også med mykje sommarleg ver, men siste delen av månaden var meir normal.

Etter at vi hadde opplevd at dei 9 første månadane av året var varme og relativt tørre, skjedde det eit veromslag frå oktober av. Eit høgtrykk la seg over Skandinavia og gav ein kald vertype som vedvarte til langt uti desember.

Eit kraftig regnver gav derimot heile 101 millimeter nedbør i løpet av 12 timar på Lyngør fyr på Sørlandskysten den 23. oktober med lokale flomskadar.

Utanom Østlandet og Sørlandet fekk resten av landet ein unormal tørr haust og tidleg vinter. Dette førte til at vatnet i kraftmagasina vart sterkt redusert med påfølgjande rekordhøge straumprisar.

Varmt år

Inntil september såg det ut til at året 2002 skulle bli det varmast året som nokon gong er registrert i Noreg, men kulden dei siste månadane førte til at middeltemperaturen for heile landet vart cirka 1 grad over det normale ý likevel eit forholdsvis varmt år. Ser vi jordkloda under eitt føyer året 2002 seg inn i den stigande trenden med varme år. Året 2002 ser ut til å bli det nest varmaste året dei siste 150 år.

Ekstremar i Noreg i 2002:

Varmast: 32,5 grader C. Høylandet i Nord-Trøndelag (9. juni).

Kaldast: -40,6 grader C. Kautokeino i Finnmark (24. januar).

Våtast: 134,3 millimeter nedbør på eitt døgn. Glomfjord i Nordland (11. januar).