OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noOdda

Rundt 2000 menneske var vitne til at samferdsleminister Terje Moe Gustavsen, assistert av sin danske kollega Jacob Buksti, skar over bandet klokka 13.45.

— Flott anlegg - Dette er eit flott tunnelanlegg, bruk det med vit, sa samferdslestatsråden.

— Tunnelen har hatt tunge lokale bidrag. Vi rettar ei stor takk til dei som har stilt midlar til disposisjon for å tryggja si eiga framtid, sa Gustavsen.

Statsråden sa at Folgefonntunnelen - landets tredje lengste - er eit skuleeksempel på korleis eit distrikt blir tryggja som bu- og arbeidsmarknad.

Folgefonntunnelen er bygt på fire år. 11,1 km lang, pris: 412 millionar kroner. Av dette har kommunane Kvinnherad, Odda og Jondal skote inn 195 millionar kroner, staten 123 millionar, Hordaland fylke 39 millionar.

Korsong og korpsmusikk Med 55 kroner for liten bil og 110 for stor skal det drivast inn 51 millionar kroner i bompengar dei neste 15 åra. Det er gratis passasje om natta mellom klokka 22 og 06. På opningsdagen i går spanderte tunnelselskapet fri gjennomkøyring for alle.

Med korsong og korpsmusikk blei tunnelen under breen opna. "Bruremarsj" og "Brudeferden" var symboltung musikk for det nye hopehavet mellom Hardanger og Sunnhordland som Folgefonntunnelen representerer.

Ordførarane John Skogseth, Aksel Kloster og Toralv Mikkelsen i Jondal, Kvinnherad og Odda stilte i sin finaste stas ved tunnelinnslaget på Eitrheim, tett ved Norzinks fabrikkhallar. Fleire busslaster med gjester var køyrde inn frå Kvinnherad-sida. Trass i at det er Kvinnherad som får historisk vegutløysing med Folgefonntunnelen, var det ingen offisiell markering i Sunnhordland-kommunen.

Som vertskap under opninga i Odda var vegdirektør Olav Søfteland og Hordalands vegsjef Ole Chr. Torpp, direktør og styreleiar i Folgefonntunnelen AS, Peder Totland og Leiv Stensland.

SNOR-KUTT: Samferdsleminister Terje Moe Gustavsen sto for den offisielle opninga av Folgefonntunnelen. Frå venstre Odda-ordførar Toralv Mikkelsen, vegsjef Ole Christian Torpp, samferdsleminister Terje Moe Gustavsen, den danske trafikkministeren Jacob Buksti, vegdirektør Olav Søfteland og Kvinnherad-ordfører Aksel Kloster. Foto: Jan M. Lillebø