Som på så mange andre felt er det media som piskar opp stemninga. Nyleg kasta ein kronikkforfattar i BT seg på denne bylgja og gav eit vrengebilete av norsk landbruk, bygt på forteikna medieoverskrifter og utan innsikt i landsbygda sin kvardag.

Det er grunn til å retta søkeljoset mot dei som no kjempar ein heroisk strid for vargen. Lat oss sjå korleis dei tok mot ein annan innvandrar i vår fauna for nokre år sidan:

«Villsvinet skal utryddes» var hovudoverskrifta i meldingsbladet «Bulletin» nr. 3/1997. Bladet er gitt ut av Norges Naturvernforbund. Her finn me, nokre år før dagens ulvejakt, ingen kritiske merknader til det å utrydda ei dyreart.

I ei varmare tid var villsvina ein del av faunaen vår, og med eit varmare klima kjem dei no tilbake. Dei er skye og intelligente dyr, med eit sterkt morsinstinkt. Dei som talar varmt om «det biologiske mangfoldet» burde kanskje sjå verdiar her? Men nei, i mediesirkuset er sume dyr meir verdt enn alle andre. Eit rovdyr som ulv er meir interessant enn ein planteetar. Han gjev blodige og profitable medieoppslag, og synest no å ha same status som den ariske rasen hadde, i ei tid me helst vil gløyma.

I «Bulletin» 3/1997 står det vidare, utan kritisk distanse: «Det er tøft å være firbeint innvandrer. Norges sjeldneste pattedyr skal utryddes. Selv ikke i yngletiden skal villsvinet få fred.» Eg tenkjer med gru på krigsreaksjonane me hadde fått i mediene om ei avis i Østerdalen hadde skrive det same om ulven.

I NNV sitt organ finn me også, fram gjennom åra, eksempel på omtale av andre dyrearter som helst skal utryddast, som mårhund og mink. Om minken er overskrifta: «Farlige utslipp. Problemart i norsk natur.» Kontrasten til dagens heroisering av ulven er slåande, og smakar av hykleri. Mange av oss som forsvarar sau og småfehald, ville bruka nett same ord om ulven.

Og kanskje med større grunn? Det er berre småfeet, og då spesielt geita, som kan halda ved like det åpne og vakre kulturlandskapet me finn i beite— og stølsområda. Stadig fleire småfehaldarar gjev no opp, mellom anna på grunn av rovdyra og på grunn av dagens hets mot ei tradisjonsrik næring. Det fører til attgroing av våre finaste, åpne turområde og stølar.

Med vidare nedgang i sau- og geitehaldet vil me ikkje lenger ha den vakre og opne Stølsheimen, men eit heiområde fullt av busk og kratt. Også det er vel eit tap for norsk natur og for norsk historie?

Trygve Refsdal, Voss