PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bergens-tidende.no

Sikta og offeret skal ikkje ha kjent kvarandre før dei møttest i eit husvære søndag kveld, då overgrepet skal ha funne stad. Jenta var barnevakt i husværet.

I retten nekta 25-åringen straffeskuld for valdtekt, men erkjente å ha hatt seksuell omgang med jenta.

Grunnlaget for å halde mannen i varetekt, er ifølgje retten faren for at prov skal bli øydelagt.

Valdtekt mot barn under 16 år er belagt med strenge strafferammer, og mannen risikerer med minimum to års fengsel dersom han blir funnen skuldig i det han no er sikta for. Maksimumstraffa er 15 års fengsel. Sikta blir for-svart av advokat Walter Høivik, medan politiinspektør Bente Staven er aktor.