EINAR FØRDE

Putins besøk gir oss høve til å tenke over kor avhengig vi er av det som skjer i vårt store naboland i aust. Av gamal vane er Russland for mange nordmenn først og fremst eit trugsmål mot vår tryggleik.

DET KJERNEFYSISKE TRUGSMÅLET vart borte midt på 80-talet. Atomvåpen representerer framleis ein fare så lenge nokon har dei, men mest ingen kan lenger førestelle seg ein kjernefysisk krig i Europa. Militærøvingar som simulerer ein invasjon frå aust er nå mest komiske. I staden har vi blitt opptekne av dei mange miljøproblema Russland kan utsetje oss for. Vi ottast for russisk organisert kriminalitet og ukontrollert innvandring. Det kan sjå ut som mange meiner at slike problem unngår vi best ved ikkje å ha noko å gjere med russarane. Men det er fåfengt flukt frå røyndomen.

Anten vi vil eller ikkje, bind geografien og dei europeiske realitetane oss saman med Russland. Finnane veit det. Også svenskane har eit langt meir realistisk syn på kva dominerande realitet 150 millionar menneske like utanfor stovedøra representerer. Vi burde også skjøne og oftare gi uttrykk for at eit stabilt, demokratisk Russland med orden og vekst i økonomien er ein av dei mest avgjerande einskildfaktorane for vår framtid. Folk i nord har vel ein idé om kva det kunne gi av velsigning for utvikling og busetnad på Nordkalotten. Men elles er Russland mest ei potensiell plage. Altfor få er medvitne om at ein av verdas vakraste byar, St. Petersburg, ligg om lag eit steinkast frå oss. Ikkje mange nordmenn er fascinerte av at vår store nabo kan by på nokon av dei finaste kulturopplevingane som er tilgjengelege på denne kloden.

VI HAR ALL GRUNN TIL Å GJERE oss opp ei meining om kva konsekvensar det vil få for oss om det ikkje går bra for Russland. Økonomisk stagnasjon, anarki og lovløyse i Russland kjem til å påverke vår kvardag langt utover olje, gass og fisk i nord. I den globaliserte økonomien er smitteeffektane av ei negativ utvikling i Russland større enn før. Når EU no får nye medlemer som ufrivillig har kjent sitt lagnadsfellesskap med Russland på kroppen både i nyare og historisk tid, vil tvillaust behovet for å bidra til ei positiv utvikling i Russland bli enda meir tydeleg. Nokre av desse landa ser Russland som den viktigaste grunnen til at dei vil inn i EU. Men dei veit at dei ikkje kan rømme frå lagnadsfellesskapet. Derfor er tilhøvet til Russland eit av dei store dagsordenpunkta i den europeiske utviklinga.

Putins besøk i Norge vart mykje Tsjetsjenia. Det må han tåle. Det er all grunn til å stille spørsmål om menneskerettar. Den russiske hæren i Tsjetsjenia er korrupt, udisiplinert og brutal. Dei 80.000 soldatane er ute av stand til å kontrollere situasjonen. Dei ville nok ikkje greidd det om dei var dobbelt så mange. Russland fører ein krig dei ikkje kan vinne. Mange av dei pro-russiske militsmennene er infiltratørar. Det er meir enn nok hat i Tsjetsjenia til å sikre stødig rekruttering av sjølvmordsbombarar og andre terroristar som kjem til å slå til om att og om att over heile det store Russland. Etter gisseldramaet i Dubrovka-teateret i Moskva i oktober har Putin skrinlagt alle planar om forhandlingar med tsjetsjenarane. Dermed er han dømt til å halde fram med sin tapte krig. Det har vore blodig før og meir blod vil det bli.

PÅ NORSK FJERNSYN KUNNE VI nokre dagar før han kom hit, høyre ein openhjarta Putin forklare at krigen i Tsjetsjenia er ein kamp om Russlands eksistens. Den gamle KGB-offiseren har opplevd disintegrasjonen i Sovjetunionen. Dersom nå Tsjetsjenia riv seg laus frå Russland, kva blir det neste? Heile Nord-Kaukasus kan følgje det tsjetsjenske eksemplet. Midt i det store landet lever om lag ein million tartarar som hadde sjølvstende ein kort periode i 1918. Dei og hundrevis av andre minoritetar kan snøgt få liknande idear. Nord-Kaukasus er dessutan eit viktig transittområde for den oljen Russland nå er så desperat avhengig av. Putin er nok også oppteken av kor mange minoritetsområde som Tsjetsjenia som kan bli kontrollerte av ein uheilag allianse av islamske fundamentalistar og kjeltringar. Det skal ikkje mykje fantasi til for å finne ut kva det representerer av trugsmål mot tryggleiken i heile Russland.

Det som med fine ord heiter det multietniske og multikulturelle Russland er i realiteten som i Sovjetunionen eit dekke for storrussisk imperialisme og nasjonalisme. Før eller seinare må Putin eller hans etterfølgjarar løyse dei problema med noko anna enn brutal militærmakt og gamle KGB-triks. Tsjetsjenia har sett i gang prosessar som skakar det nye, skrøpelege russiske demokratiet på eit tidspunkt då økonomien syner betring og mange russarar har fått att trua på at framtida kan bli lysare. Det er ein farleg, urovekkjande situasjon også for oss. Det er ikkje i vår interesse at Russland blir partert og kanskje seier farvel til sitt korte eksperiment med eit sivilt, haltande demokrati. Eit Russland i balanse og vekst er avgjerande også for vår tryggleik og for utviklinga av vår økonomi og kultur.

FØR PUTIN KOM HIT, HØYRDE VI einskilde røyster som sa at han ikkje var velkomen. Det er eit uvanleg dumt standpunkt. For oss er det nå livsviktig å få så brei kontaktflate som mogleg til Russland. Det er så viktig at eg nå tek farvel med alle mine tidlegare oppfatningar om at boikott og isolasjon av land og regime tener til noko godt. Eg har vore forkjempar for mange slike boikottar. Nokre få har til og med vore vellykka som t.d. turistboikotten av Hellas dei første åra etter juntakuppet i 1967. Eg er framleis knurrande villig til å akseptere boikottar i FN-regi. Men eg trur ikkje lenger på dei. Som oftast er den viktigaste verknaden at vanleg folk får det verre og tyrannane sit like trygt som før. Slik verda nå ser ut, held eg på å bli fanatisk tilhengjar av opne dører og maksimal kontakt sjølv med dei mest avskyelege regima. Eg er overtydd om at Willy Brandts opne Ost-Politik var eit avgjerande bidrag til forandringane i Sovjetunionen og Aust-Europa. Ny teknologi og betre kommunikasjonar har gjort verda mindre. Boikott kan vere bra for vårt eige samvit. Men effekten er tvilsam. Nokon meiner at Norge burde boikotte Kina på grunn av den skrøpelege tilstanden for menneskerettane der. Men det er ikkje Kina som blir isolert i ein slik boikott.

EG ER IKKJE SIKKER PÅ OM EG VILLE ha stemt på Putin om eg var russar. Men han var velkomen. Eg vonar han snart kjem att. Det er så viktig for oss å auke vårt samband med den store naboen som knyter oss stadig fastare i ein felles lagnad.