Av Are Kalvø

«NÅR GARDSKATTEN løftar halen mot halvmånen under furua på tunet før hundreogsjette regnvêrsdag etter femte gamaljamdøger, då vert det tidleg vår,» sa ein gjerne før.

Det er mykje visdom i dei gamle vårteikna, ein visdom som har gått tapt i vår industrialiserte tid. Men kunnskapen er skriven ned og ligg der klar til å brukast, samla av entusiastar i heile landet. I dei mange vårteiknsamlingane som finst på bakromma på norske bibliotek og grendehus, finn vi gullkorn som dette: «Når kyrne rautar i kor og migar i takt på nattestid, då er det vår i lufta.»

Men det er berre eitt vårteikn som går att i absolutt alle samlingane, landet over, og det er dette: «Når det kjem for ein dag at leiarane har fått høge lønstillegg og store bonusar, då går det mot vår.»

EIN AV Norges fremste vårteikngranskarar, bokførar og hobbytradisjonsforskar Steingrim Lagabotn, livstidsleiar i Indre Løvstakken Vår-teikngranskarlag, seier at lønsauke og bonusar til leiarar i hundrevis av år er blitt rekna som eit like sikkert vårteikn som snøsmelting, stigande temperaturar, snøklokker og migande kyr.

Kvifor det er slik, veit han ikkje. «Naturen er gåtefull,» seier den nesten hundreogfemten år gamle Lagabotn. «Ingen veit kvifor naturen har innretta seg slik at næringslivsleiarane sine urimelege lønstillegg kjem tytande fram kvar gong det går mot vår. Å spørje kvifor det er slik, er som å spørje kvifor det blir regn når katten et gras. Naturen har sine merkelege innfall. Det er berre slik det er.»

I DAG reknar Lagabotn leiarbonusar for å vere det aller sikraste vårteiknet. Ifølgje Lagabotn skal dette vårteiknet ha blitt nedteikna første gong i mellomalderen etter ei vakenatt på ein hus-mannsplass i Austre Slurve. Det var ein av drengane på garden som vakna midt på natta av eit fælsleg leven.

Han skunda seg å vekkje dei andre, både husbonden, kona, dei tretten ungane, dei andre drengane, den tilbakeståande stakkaren som spelte fele heile tida og som ingen heilt visste kva gjorde der, hesten, hunden, bestefaren og den nesten døve bestemora. Dei søv i same seng, alle i hop, det var lettare å halde varmen på den måten, og det var både kaldt og trongt på bygdene den gongen. Drakk gjorde dei også, alle som ein, heile tida, både vaksne og ungar, men det har strengt tatt lite med denne historia å gjere. Drengen vekte i alle fall heile huslyden, så alle fekk høyre det fælslege levenet.

«Høyr! Det er kyrne,» sa drengen.

«Dei rautar i kor,» sa husbonden.

«Dei migar i takt,» sa den tilbakeståande med fela og lo den rare latteren sin.

«Det er vår i lufta,» sa kona med eit lite smil.

Det oppstod ein liten pause medan husbonden trekte pusten og såg utover eigedommen. Så sa han: «Jaja, då går det vel ikkje lenge før den nye og gunstige bonusordninga til storbonden vert offentleggjort.»

OG DET fekk husbonden rett i. Storbondens bonusordning blei offentleggjort like etter, og eit nytt vårteikn var oppdaga. Den natta spelte den tilbakeståande på fela si til sola stod opp over husmannsplassen. Derfrå kjem ordtaket «Når galningen spelar og kyrne migar i takt, då står moderasjonslinja for fall».