Tida før eg hadde gjort meg opp ei meining om kva livet skulle fyllast med. Då det heile var naivt og naturleg. Det er med stor frykt eg nærmar meg fossefallet og den totale nullstilling.

Det var ikkje dette eg hadde venta meg. Det var ikkje denne leia eg skulle. Det var ikkje dette eg har sett på som framskritt. Det var ikkje dette som var å kome seg fram i livet!

Kvifor blei det gjort meg den urett å lære meg at eg ikkje kunne leve i mitt eige tempo? Kvifor må eg alltid liggje føre mi tid. Kvifor er det blitt mi kampsak å kjempe imot denne uvissa, rutinane, dette gledeslause og innhaldsfattige livet som ligg framfor meg? Kvifor fortalde ingen meg om at det var positivt å gå den vegen? Kvifor kunne eg ikkje få oppdage den vegen sjølv?

Eg går rundt med ei frykt over å bli fortalt ... «det kunne eg ha fortalt deg!». At den vegen eg går er blitt staka ut føre åt. At det er eg som er blind og ikkje ser vegskiltinga? At eg ikkje kan vere trygg på vegen min åleine. At eg treng nokon å leie meg framover vegen?

Eg er blitt respektlaust frårøva forvissinga mi om at eg veit kvar min veg går!

Frårøva retten til å gjenoppdage livet dag etter dag. Er det ikkje min rett å kunne glede meg over det eg oppnår i livet mitt? Kor tid gløymde eg mi uskuld, kor tid gløymde eg å følgje mi eiga overtyding om at eg er ? Når blei det snakk om verdi? Middelmåtig. Halvgodt ... Berre middels ... Kven sette standarden for suksess?

HKH