PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Denne andre tiltalte i Beheim Karlsen-saka forklarte seg i retten tysdag føremiddag, og hugsar omtrent akkurat like lite som kameraten.

Lite tyder dermed på at den medtiltalte 19-åringen, som også sprang etter Arve Beheim Karlsen over brua, kan bidra til å belyse noko betre kva som eigentleg skjedde med Arve.

Var ikkje snakk om Arve Lågmælt, nærast mumlande forklarte 19-åringen seg om den fatale natta i Sogndal 23. april 1999. Han hugsar å ha sprunge etter Arve og den medtiltalte kameraten, men ikkje å ha ropt eller truga Arve Beheim Karlsen. I grove trekk fortel dei to tiltalte same historia: Arve var berre vekke då han hadde sprunge under brua.

Men 19-åringen hugsar, i motsetnad til kameraten, at dei gjekk heilt under brua der Arve var forsvunnen. Men dei såg ikkje meir til Arve der han hadde forsvunne.

Og dei leita ikkje etter han, dei snakka ikkje om han, sjølv om begge hadde sprunge etter han like før.

— Så Arve var plutselig ikkje noko tema lenger, spurte statsadvokat Jan Hoel.

Nei, vi snakka ikkje meir om han, forklarte den tiltalte 19-åringen.

Hakekross på dagbok Vidare vart 19-åringen konfrontert med at politiet har beslaglagt ei skuledagbok heime hjå han, der tiltalte hadde teikna ein hakekross på framsida.

— Det er berre nokre skribleri, sa 19-åringen.

Men kvifor blei det ein hakekross, ville aktor vite.

Vi hadde om dette på skulen, det var kanskje for å provosere læraren, svara tiltalte.

Men det er også andre bøker der du har teikna hakekross?

— Det er berre skribleri.

Hoel gjekk vidare på utspørjinga om tiltalte si haldning til rasisme, og kom etterkvart inn på det som skjedde den fatale kvelden i Sogndal:

Hoel: - Brukar du ord som svarting og nigger og sånt?

— Ikkje til vanlig, ytterst sjeldan.

— Når, kan til dømes 23. april være slikt sjeldan tilfelle?

— Ikkje som eg kan hugse.

— Kan du ha sagt andre ting denne kvelden?

— Veit ikkje.

— Hugsar du noko frå denne kvelden?

— Nesten alt. Eg kan ha gløymt detaljer og det som har blitt sagt. Kan ikkje hugse å ha kome med rasistiske uttrykk denne kvelden.

Tiltalte forklarte at han ikkje kjente Arve frå før, kun hadde sett han på skulen i Førde. Hoel konfronterte han med at Arve Beheim Karlsen hadde meldt eit valdstilfelle i Førde, der tiltalte sitt namn var oppgitt som ein av dei som hadde plaga Arve.

Tiltalte: - Eg hadde ikkje noen kontakt med han på skulen i Førde, det er eg sikker på.

Spurt om pryl Hoel vendte deretter tilbake til kvelden då Arve drukna, til situasjonen ved busstasjonen like før dei byrja å springe etter Arve over brua.Arve og hovudtiltalte var gått bak nokre bussar for å diskutere i fred. Ein kamerat av Arve spurte tiltalte om kva venen hans ville gjere med Arve.

Hoel: - Spurte denne kameraten om NN (hovudtiltalte) skulle pryle Arve?

— Han spurte kva NN hadde tenkt å gjere.

(Hoel konfronterer tiltalte med ei politiforklaring der han har sagt at Arves ven spurte om hovudtiltalte skulle pryle Arve).

Tiltalte: - Ja det var noko slikt, om han hadde tenkt å ta han.

Hoel: - Kva svarte du?

— At eg ikkje visste.

— Kva trudde du at dei skulle gjere der inne bak bussen?

— Det tenkte eg ikkje på.

— Var det ikkje litt spesielt, gjorde du deg ingen tankar om kva dei skulle?

— Det veit eg ikkje.

— Var NN (hovudtiltalte) borti Arve?

— Eg trur NN holdt rundt han og drog han med. Oppfatta det som vennskapelig.

Feil om skjellsord - Før dei byrja å springe, kalte du Arve noe?

— Ikkje det eg kan hugse.

— Kan du ha kalt han noe som du ikkje hugse?

(Hoel opplyser at Arves venn seinare skal vitne om dette, at han har sagt i politiforklaringa at dei stod der, at tiltalte og Arves ven snakka sammen, at tiltalte deretter kalla Arve for nigger, at tiltalte prata dritt om Arve)

— Dette hugsar eg ikkje.

— Kan du ha gløymt det?

— Det kan hende.

— Er dette med nigger, svarting utrykk som du bruker, eller var det noe med Arve?

— Det er ikkje noko eg brukar, og det var ikkje noko med han.

— Då de sprang over brua, ropte du noko?

— Eg er sikker på at eg ikkje ropte.

Så det er feil dersom nokon vitne kjem til å seie noko anna seinare her i rette?

— Ja.