PER MARIFJÆREN per.marifjeren@bt.no

Forsvararen hans, høgsterettsadvokat Tor Erling Staff, starta i retten mandag med å føre vitne som balanserer biletet av klienten som påstått valdeleg og med rasistiske haldningar.

— Opplevde aldri rasime Første vitnet hans var ein kamerat av hovudtiltalte, ein jamnaldring som har filippinsk mor. Denne kameraten fortalte Indre Sogn heradsrett at han aldri hadde opplevd noko form for rasisme frå hovudtiltalte si side.

Staff sitt neste vitne var hovudtiltalte si tante, som adopterte to barn fra Afrika då hovudtiltalte var 11 år. Staff spurte henne mellom anna korvidt ho hadde opplevd rasistiske tendensar frå den hovudtiltala 19-åringen.

Ser ingen rasist - Her er eg er veldig klar, og eg kan ikkje sjå nokon rasist i NN. Og eg er svært sårbar over for dette, på vegne av mine eigne barn, svara 19-åringens tante.

I retten forklara tanta seg om 19-åringen, som altså hittil i saka er fremstilt nærast som ein notorisk valdsmann og rasist. Ifølge tanta vart hovudtiltalte svært god ven med dei mørkhuda adoptivbarna hennar, og vart etterkvart fast som barnevakt i familien.

— Har NN (hovudtiltalte) hatt kontakt med adoptivbarna dine, ville advokat Staff vite.

Vitnet: - Ja, vi er ein storfamilie, og NN deltok i den gleden vi følte over å få heim barna. Seinare har han vore vår trufaste barnevakt. NN er ein gut eg alltid kunne stole på, og barna er glade i han som barnevakt. Han har vore ei ypperleg barnevakt, er svært flink med dei to barna.

Laga diskusjon Staff: - Er det ofte debattar i storfamilien deres?

Vitnet: - Ja, vi har lange samlingar rundt måltida, vi er glade i å diskutere. Eg hadde ein far som var ute etter å få oss jentene frempå, lærte oss opp til å komme med meiningar.

Staff: - Var NN med på dette?

Vitnet: - Han var berre elleve år då han mista morfaren. Rundt bordet var det kanskje ikkje så lett å sleppe til i diskusjonen for han, for vi pratar mykje i min familie.

Staff: - Korleis oppfattar du NN i diskusjonar nå?

Vitnet: - Han deltek og lyttar, stiller spørsmål. Kan komme med ein kommentar som kan medføre ny diskusjon.

Staff: - Betyr det at han, for debattens skuld, gjev uttrykk for meiningar han ikkje har?

Vitnet: - Både og.

Arrogante verdsmeistrar Staff: - Når det gjeld rasisme, kva er di oppleving av NN?

Vitnet: - Her er eg er veldig klar, og eg kan ikkje sjå nokon rasist i NN. Og eg er svært sårbar over for dette, på vegne av mine eigne barn. Har aldri opplevde noko slikt frå NNs side. Det vi opplever no, er stikk i strid med det vi kjenner og står for.

Staff: - Når det gjeld språkbruk frå NN, bruk av ord som neger, nigger?

Vtnet: - Nei, eg har aldri høyrt det frå NN.

Staff: -Korleis oppfattar du NN sitt åtferdsmøster?

— Igjen liknar han på resten av familien, vi er utadvente, frempå. Nokre oppfattar oss kanskje som arrogante og verdsmeistrar, forklarte hovudtiltalte si tante i retten.

Aggressiv når han drikk Staff sitt neste vitne var ein tidlegare kjærast og sambuar av hovudtiltalte. Også ho ga retten eit svært positivt bilete av 19-åringen, og karakteriserte det som fanst av rasistiske merknader frå NN som ”berre spøk”, vitsing og slengmerknader.

Ho hadde aldri sett sin tidlegare kjærast plage eller være valdeleg mot Arve Beheim Karlsen.

Hovudtiltalte er snill, men blir aggressiv når han drikk, forklara ho.