Så seint som i april i fjor måtte forsvarsministeren erklæra at slik handel ikkje lenger skulle førekoma. Normalt skal ikkje Norge handla våpen med land som er i krig eller land der krig trugar.

Forsvaret måtte i fjor senda raketten Eurospike i retur etter Dagbladets avsløringar. Etter dette har statsråden personleg måtta godkjenna alle innkjøp av militærutstyr frå Israel. Sjølv om Stortinget har avvist boikott, burde forsvarsministeren forstå og ta konsekvensane av at ho opererer i eit politisk minefelt. Når ho nok ein gong legg seg open for kritikk for relativt små summar, svekkjer ho tillita — ikkje berre til seg sjølv - men også til Forsvaret. Slike sjansar skal ikkje ein forsvarsminister ta i ein situasjon då ein omstridd krig kan vera like om hjørnet.