JAN STEDJE jan.stedje@bergens-tidende.noHeile hotellet var overtent då brannmannskapa kom fram. Først i dag fredag kan politiet ta til m ed den tekniske etterforskinga på branntomta. Lensmannen i Luster har ikkje bedt om assistanse frå Kripos.Vitna som er avhøyrt onsdag og i går har ikkje gitt politiet opplysningar som kan føre dei nærare årsaka til brannen. Det er på det reine at ingen personar var på hyttene i området ved Turtagrø Hotell då brannen braut ut seint tysdag kveld. Tredje hotelloffer Turtagrø er det tredje hotellet i fjellområda i eller nær Vest-Jotunheimen som har blitt flammenes rov. Tidlegare har hotella Maristuen og Tyin vorte totalskada i brann; Tyin så seint som i 1989. På Tyin ligg framleis ruinane, 11 år etter storbrannen, og Maristuen på Filefjell har aldri klart å reise seg igjen som ein overnattingstad som turistane søker til.