LARS MÆLANDlars.maeland@bt.noStord

Erfarne sjukepleiarar betjenar Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral (AMK) på Fylkessjukehuset på Stord, og dei får opp både nummer og kart som viser kor det blir ringt frå. Så også her, men nummeret var legevaktsentralen på Bømlo.

— Eg skjønar ikkje kvifor denne samtalen kom til oss i det heile. Rett nok kjøper Bømlo telefontenester frå oss, slik at me overtar vakttelefonen frå eit visst klokkeslett på kveldstid, vanlegvis frå klokka 21 samt i helgane. Men denne henvendinga kom i tretida på ettermiddagen, då det skal vera betjent legevakt på Bømlo, seier Thorleif Meidell Vaage, direktør ved Fylkessjukehuset på Stord. Telefonen frå kvinna som meldte frå om at ho låg hardt skada på badegolvet kom inn klokka 15.06. Og den gjekk til legevaktsentralen på Bømlo, der ho skulle ha møtt folk som svarte på henvendinga. I staden blei samtalen vidarekopla, og dermed nådde ropa om hjelp AMK-sentralen på Stord.