LARS MÆLAND FRED IVAR KLEMETSEN (foto) lars.maeland@bergens-tidende.noBømloNo er tre lukkelege nygifte par klare til å dra på tur.— Å guri, no er eg heilt i skyene, utbryt Kjersti Steinsland Våmartveit (24) spontant då sokneprest Gunnvald Bjotveit ringjer med beskjeden om at ho og mannen Jan Ove (31) er det eine paret av tre heldige vinnarar i eit av fjorårets mest omtalte framstøyt frå prestestanden. Føresetnaden var at vinnarpara inngjekk ekteskap i ein av kyrkjelydane i øykommunen. Det heile fekk fyldig omtale i media både lokalt og nasjonalt, utan at det resulterte i det heilt store kappløpet mot altarring og ekteskap. 35 par gifta seg i Bømlo i fjor, fire fleire enn året før. Av desse var 30 med i trekninga av bryllaupsreiser, kvar verdt sju tusen kroner. Føresetnaden var at minst ein av dei nygifte var heimehøyrande i Bømlo. Drøymde om vinnarlukke Ekteparet Våmartveits vinnarlukke stansa ikkje i kyrkja, då dei bygde hus, vann dei like godt garasje òg.- Eg kan godt tenkja meg ein tur til London, men dette må me prata meir om på heimebane. Jan Ove snakka om dette seinast i går, og mamma påstår ho drøymde at me var blant vinnarane. Det er uansett utruleg kjekt å vera blant dei heldige, seier Kjersti, som ser fram til å planleggja bryllaupsreisa saman med mannen. Paret har to barn, vesle Martine er snart to år, skuleguten Andreas sju og eit halvt. London og Leeds - Me visste ikkje om denne premien i det heile då me bestemte oss for å gifta oss, men det er alltid kjekt å vinna. Då me bygde hus slo me til på eit messetilbod der huskjøparane kunne vinna ein garasje i tillegg, og jammen vann me den gongen også, sjølv om det berre var tre med i den trekninga, seier Jan Ove Våmartveit. Som slett ikkje er framand for tanken på ein tur til London, der han kanskje kan få lurt inn ein fotballkamp med favorittlaget Leeds i aksjon. Internasjonale innslag - Å du verda, du verda, kjem det frå Ivar Kristian Møgster då han får gladnytt frå presten som vigde dei. Kona Sirush frå Armenia er på norskkurs, men Møgster kan tenkja seg ei reise til Oslo, der kona har familie.Tredje paret med vinnarlykke er Svetlana og Edgar Stoknes, ho russisk, han for tida på arbeid i Sveits.

Les også: Biskopens velsignelseFlere gifter seg i Syden

VINNARPAR: Kjersti Steinsland Våmartveit og Jan Ove Våmartveit, her med datteren Martine (snart to). (Foto: Fred Ivar Klemetsen)