Det kvilte ei litt dyster stemning over Kristeleg Folkepartis stortingskvinner og -menn då dei samlast til gruppemøte i går klokka 1600. Ein ting er å vera liten. Ein ganske annan ting er det å vera mindre enn Senterpartiet. No har partiet hatt ei eintydig negativ utvikling på ei rekkje meiningsmålingar, og det tek til å tæra på partiets toppfolk. Jamvel dei som vil statsministeren vél synest han ser litt sliten ut. Valgerd Svarstad Haugland kan ikkje skulda på at ho er bortgløymd av pressa, men ho kunne tenkt seg hyggjelegare omtale. I sum er det altså litt mange faktorar som dreg nedover. Korleis skal tendensen snuast?

Det er ikkje godt å sei. Mange viser til det dei kallar ordføraropprøret, endå det er ein smule overdrive. Det finst KrF-ordførarar som meiner partiet bør forlata hopehavet med Høgre og heller beila til Arbeidarpartiet, men dei kan teljast på ei hand. Resten finn seg — om enn litt motvillig - til rette med situasjonen, endå om dei helst hadde sett eit budsjettforlik med Jens Stoltenberg.

Ordførarane mindre viktige

Det er fordi ordførarar i hovudsak er opptekne av kommuneøkonomien. Det er jobben deira, og nett no slit dei tyngre en vanleg er. Når dei så veit at dei får litt fleire statlege kroner gjennom eit forlik til venstre enn til høgre, så er det ikkje underleg at dei seier det dei seier.

Men kor viktig er dette for Kristeleg Folkepartis oppslutnad blant veljarane? Somme går openbert i den fella å tru at når mange KrF-ordførarar vil samarbeida med Ap, så vil KrFs veljarmasse det same. Det er ei kortslutning. Kommuneøkonomien er ikkje avgjerande viktig for om KrFs veljarar stiller opp for partiet eller ikkje. For mange er det ei ikkje-sak.

Men det er rett nok at det finst minst to fløyar i Kristeleg Folkeparti. Den eine var i si tid representert ved Kåre Kristiansen, som hadde sine lukkelegaste stunder kvar gong han fekk samarbeida med Høgre. Den gongen stod Kjell Magne Bondevik for ein halvradikal sentrumsfløy som tenkte solidaritet med dei svake og i økonomisk politikk var open for sosialdemokratiske grunntankar.

Ikkje mogne for Ap

Kåre Kristiansen har sine arvtakarar. Dei hevdar med styrke at KrFs veljarmasse i hovudsak er konservativ og ikkje-sosialistisk, og at ordføraropprøret er eit mediefenomen. Deira fjellfaste tru er at eit KrF som går i regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet vil få ei avskaling som kunne bera døden i seg. KrFs veljarmasse er ikkje mogen for eit slikt eksperiment, seier dei.

Eg trur dei langt på veg har rett. Hittil har KrF-arar stort sett funne seg til rette med at partiet deira inngjekk budsjettforlik med Ap. Der fekk KrF profilert og styrkt sine hjartesaker. Men regjeringssamarbeid - nei, det er noko anna.

Problemet er faktisk at mange KrF-arar alt i dag synest partiet deira er blitt for utvatna i det som for dei er verdispørsmålet alt skal målast mot - støtta til Israel. Statsminister Kjell Magne Bondevik har vore ute ein vinterdag eller to i Midtausten, og veit at spørsmålet om fred i regionen ikkje er så enkelt som Ariel Sharon vil ha det til. Bondevik må som statsminister i Noreg føra ein ansvarleg og balansert Midtausten-politikk.

Det er ikkje godt nok for mange på KrFs grunnplan, der Israel og israelsfolkets lagnad er sjølve kjernespørsmålet i livet og i verda. Dei noterer seg at Carl I. Hagen smett inn med eit og anna godordet om Israel - utan reservasjonar - og dei tenkjer at kanskje er det Framstegspartiet som no er blitt Israels beste ven. KrF har ikkje lenger monopol på norske israelsvener. Det er noko nytt.

Olje og veljarar

Men KrF har framfor alt fått merka at partiet er ein slags juniorpartnar i ei regjering der Høgre set kursen. Høgre vil mest og sterkast. KrFs statsrådar gjer vel så godt dei kan, og eg seier ikkje at dei ikkje gjer det bra, men kva hjelper det KrF om Einar Steensnæs fører ein framifrå olje- og energipolitikk? Familieminister Laila Dåvøy slår gjerne eit slag for jamstellingspolitikken, og ære vere henne for det. Men kor mange KrF-røyster blir det av slikt? Helseminister Høybråten blir rekna som ein dugande helsepolitikar, men veljarane strøymer ikkje til eit KrF som no sit og administrerer ei sjukehusereform som KrF var prinsipielt imot.

For symbolpolitikken - som er den viktigaste for KrF - ligg i hovudsak i retning høgre. Familiepolitikk og kontantstøtte. Israel. Støtte til frivillige organisasjonar. Privatskular. Og Frp stiller opp. Like fullt, eller kanskje nettopp difor, vandrar det dagleg veljarar frå KrF til Framstegspartiet.

Valgerd Svarstad Haugland tok eit glas raudvin og gjorde KrF romslegare. Ho opna partiet for syndarane - dei som framstår som litt mindre prektige enn Lars Korvald. Og på ein partikonferanse i Bergen mante Kjell Magne Bondevik fram eit KrF som skulle veksa seg stort og bli det førande på borgarleg side. Nett i dag verkar det veldig lenge sidan.

TUNGE TIDER: Valgerd Svarstad Haugland - KrF-leiar og kulturminister - veit ikkje heilt korleis ho skal få partiet tilbake til gamle høgder.