Sistnemnde skriv at om ein ikkje svarer i saka, så kan ein risikere at det vert kasta pianostrengar på dirigenten, eller at Domkantoriet syng på alle pianossimo-parti heile vinteren igjennom. Slikt kan me ikkje risikere, men når det kjem svar, så er det òg for å melde at Valen på ingen måte er gløymd av Bergen Filharmoniske Orkester, Vestlandet sitt eige nasjonale orkester.

Fyrst må eg få uttrykkje stor glede over den iver desse skribentane syner for ein tonekunstnar som diverre mange framleis rynkar på nasen av. Det hadde nok gledd den smålåtne, men i kunstnarleg forstand gigantiske toneskalden den interessa som her kjem for dagen. Det er ei interesse som også medlemmene i Harmonien sitt programutval deler. Det er inga tvil om at Valen er ein kunstnar som tida arbeider for, og i 2002 er det god grunn til å stogga opp å kaste ekstra lys på mannen og musikkens hans, i det året ein kan markere at det er 50 år sidan han forlét denne jord.

På Harmonien sitt vårprogram står allereie orkesterstykket Kirkegården ved havet, og eg kan røpe at til hausten kjem Arve Tellefsen for å spele Valen sin fiolinkonsert saman med ein av Bach sine konsertar. Om alle brikkene fell på plass, slik me ynskjer, vert denne konserten teken opp att i Haugesund. Me har òg planar om å ha Valen med på programma for orkesteret sine utenlandsreiser.

Akkurat i desse dagar arbeider me intenst for å finne rom for ei plateinnspeling av Valen sine orkestersongar. Det er lenge sidan desse er festa til platerillene, men ein norsk sopran ynskjer at vårt orkester skal spele til, og no legg me om vårprogrammet for å skape rom for dette viktige prosjektet.

Sjølv hadde eg sist haust gleda av å halda eit foredrag om Valen og musikkens hans i Valenheimen i Valevåg under Valendagane. Dette foredraget er det meininga skal kome i forkant av ein av Harmonien sine konsertar med Valen-verker i 2002, og både Møllerhaug og Duesund er hjarteleg velkomne.

Det er ingenting i vegen med Valen-interessa i Harmonien. Ikkje berre i 2002 skal han stå på programmet, men programutvalet er samd i at han er ein toneskald av eit format som gjer at han bør vere ein gjengangar på programma våre. Det vil det sitjande utvalet arbeide for.

Av Lorentz Reitan, adm.dir. Harmonien/Bergen Filharmoniske Orkester