OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.noStord

Sunnhordland heradsrett har dømt Tore Gjertsen (37) til 15 dagar fengsel på vilkår for å ha lekamskrenka tre naboar på Notland ved Mosterhamn på Bømlo sommaren 1999. I fjor vår blei faren Kåre Gjertsen (70) frikjent for samme forhold ut frå bevisets stilling.

Kåre Gjertsen har sidan 1992 vore i krangel med naboar på grunn av eit gjerde og ein port som er sett opp fordi naboane ikkje vil ha Gjertsen sine husdyr inn i hagane sine. Rundt hundre gonger har Gjertsen rive ned den korte gjerdestubben. Han er dømt for dette fire gonger, ein gong også for vald mot ein nabo.

På glattcelle Striden toppa seg på ny laurdag 3. juli 1999. Rundt 30 personar deltok i ein dugnad med rydding av tre og oppsetjing av det omstridde gjerdet.Det var då Kåre Gjertsen kom for å riva ned gjerdet at basketaket oppstod. Etterpå kom politiet og førte Kåre og Tore Gjertsen til glattcelle i Bergen, der dei sat i tre dagar.

Tore Gjertsen er blant anna dømt for å ha sett kneet opp i skrittet på ein av naboane. Denne naboen har arbeidd ti år som fangevaktar i Ullersmo landsfengsel og tok nakketak på Tore Gjertsen for å halda han i sjakk i tumultane som oppstod.Tore Gjertsen hevda i retten at han blei provosert av naboane, blant anna ved å bli slegen fleire gonger over kroppen med ein hageslange. 37-åringen er elles dømt for å ha løfta opp sykkelen med ei ung nabojente på, for deretter å sleppa han ned att. Dette gjorde han fordi jenta ikkje lukka den omstridde gjerdeporten etter seg.

Håp om fred? I rettsforhandlingane i Sunnhordland heradsrett kom det fram at begge partar føler den langvarige striden på Notland som belastande og øydeleggjande for livskvaliteten.Noko løysing på konflikten ser det ikkje ut til å vera, retten meiner han har vore inne i "et særdeles lite konstruktivt spor." Likevel meiner heradsretten at det ut frå forklaringane er mykje rolegare på staden. Men partane er ikkje einige om kvifor det er rolegare. Gjertsen meiner det er roleg så lenge naboane får det som dei vil.Naboane meiner konfliktnivået er blitt lågare etter at far og son tilbrakte ei helg i fengsel i Bergen.