• Eg skal vere forsiktig med å seie at ei kyrkje er vakrare enn ei anna, men eg synest Dale kyrkje er noko av det mest praktfulle eg har sett, seier tekstilkunstnaren Borgny Farstad Svalastog.

GERDFINN EITHUN (tekst og foto) gerdfinn.eithun@bergens-tidende.no Luster

I går vart messehagel, stola og preikestolklede vigsla i mellomalderkyrkja som jubilerer i år. Dei gamle stein— og stavkyrkjene står som staute landemerke langs Sognefjorden og Dale kyrkje i Luster er ein av desse attraksjonane. Kyrkja er i hovudtrekk akkurat slik ho såg ut då ho stod ferdig i 1250, dei store byggsteinane i granitt er dei same, dører og vindaugo er slik forfedrane forma dei for 750 år sidan. Men kyrkjebygget er utvida med våpenhus og trematerialane har vore skifta ut, siste gong i 1903. Også i det Dale kyrkje rundar trekvart tusen år kjem det til ny kunst og skattar i det innhaldsrike kyrkjebygget. Dale kyrkje føyer seg no til rekkja av norske kyrkjer som har sikra seg kunst av den anerkjente tekstilkunstnaren Borgny Svalastog. Sjølv måtte kunstnaren melde sjukdomsforfall i tolvte time, og var veldig lei for det: Eg har gledd meg i månader til dette jubileet, seier Svalastog til Bergens Tidende. Medan kyrkjelyden med biskop Ole Danbolt Hagesæther i spissen, gjester og kyrkjelyden kunne jublere i sommarsol og sydenvarme, måtte Borgny Svalastog halde seg innandørs med solbriller og ein smertefull augesjukdom. Men snart er ho klar for nye oppdrag og til jul kjem boka om henne og det allsidige arbeidet hennar, skriven av professor i kunsthistorie, Gunnar Danbolt. Før ho tok fatt på det omfattande arbeidet med kyrkjetekstilane var ho i Dale kyrkje og tok eit grundig oversyn over såvel eksteriør som interiør. Og slik karakteriserer Svalastog den spesielle kyrkja: Utvendes er ho meisla som ein festning av stein, inne er ho eit smykkeskrin. Eg må alltid sjå kyrkjene før eg skal gjere ein jobb, eg kan ikkje jobbe ut frå lause lufta, seier tekstilkunstnaren som hausta lovord og mange supplerativ for messehagelen. Og biskop Ole D. Hagesæther var ikkje noko unntak, i ei preike inspirert av fineveret og det grundige førebuingsarbeidet til kyrkjehøgtida hadde han dette å seie om praktkledet: Eg var spent på om eit messehagel tolte så mange symbol, men det er blitt så vakkert!

Nitid arbeid

Bak arbeidet med messehagelen, stolaen og preikestolkledet ligg ein nitid og krevjande innsats. På designet brukte Borgny Svalastog tre veker og til arbeida med å brodere, farge og veve stoffet gjekk det 550 timar. God assistanse fekk kunstnaren av Hanna Helgadottir, produksjonsansvarleg på Nationalteater. Ho hadde arbeidet med broderiet og Marit Somby tok seg av vevinga. Tekstilane er av handvevd garn og dei er handfarga. Symbol er gaffelkross framme, på bakdelen ornament som illustrer livets tre. Granateple som symbol er bilete på kyrkja og frå jødisk tid velsigninga, Kristusrosa er Jesu fem sår og fem tornar, Trekløveren er symbol på Treeinigheit.