PER MARIFJÆRENper.marifjeren@bt.no

Dette vart klart då ein tankbilsjåfør, innkalla som vitne på kort varsel, forklara seg i Indre Sogn heradsrett tirsdag føre-middag.

Kom med mjølkebilen Natta då Arve forsvann, kom sjåfør Steinar Kjell Espe køy-rande med mjølketankbilen frå Fjærland. I rundkøyringa ved brua såg Espe det som politiet har trudd var dei to tiltalte.

Politiet har brukt denne episoden til å tidfeste forsvinninga, utfrå skiva i ferdsskrivaren på tankbilen. Dei har trudd at Espe såg dei to tiltalte her, like etter at dei hadde jaga Arve Beheim Karlsen under brua.

Tidspunktet på ferdsskrivaren var 23.42, og politiet meiner dette er maksimalt eitt eller to minuttar etter at Arve vart jaga..

Ikkje merka med Tine-logo Dette fordi ei rekke vitne har sett ein Tine-tankbil passere gjennom rundkøyringa på det aktuelle tidspunktet like etter at Arve var jaga. Politiet har vore sikre på at denne tankbilen er Steinar Kjell Ese sin.

Problemet er at sjåføren i går kunne fortelje retten at tankbilen hans slett ikkje var merka med Tine-logoen slik vitna har forklart.

Sjåfør Steinar Kjell Espe kunne i retten slett ikkje utelukke at andre tankbilar, med eller utan Tine-logoen, hadde vore gjen-nom Sogndal rundt det aktuelle tidspunktet.

Ese forklara at han såg to per-sonar komme opp i rundkøyrin-ga då han måtte stoppe for ein raud personbil der. Dei var rusa, og dreiv med abligøyer i rund-køyringa, forklarte sjåføren.