Etter å ha tatt kontakt med desse studentane med forsøk på å forklare kva det medfører å halde leven midt i ein by, er det ein ting som går igjen hos omtrent alle saman:

Ingen av dei har eigentleg budd i by sjølve. Dei har rett og slett ikkje tenkt over at dei må ta omsyn på ein annan måte i ein by enn kva dei har vent seg til der dei kjem frå. Mange kjem frå grisgrente strøk à la Bærum i Akershus, Førde i Sunnfjord, Jæren eller Østerdalen, der det er langt til naboane og der dei har vore skjerma frå naboane med hekk eller steingard, men ingen av dei er vane med å dele husvegg eller bakgard.

OLE-JOHAN EIKELAND