JAN STEDJEJON TUFTO jan.stedje@bt.noSogndal/BergenPolitiet i Bergen stiller med ein hund, mens Norske redningshunder er til stades med tre hundar. — Hundesøka tek utgangspunkt i boligen til 21-åringen, og går langs vegar og stader han kan vore, seier lensmann Haavard Stensvand ved Sogndal politistasjon til NTB. Politiet vil ikkje setje inn maskiner for å bryte opp elve-isen. Leitinga i dei delane av elva so no er dekte av tjukk is, vert ikkje tekjen opp at før isen smeltar. Det opplyser politiet til Bergens Tidendes nettutgåve torsdag morgon.

Leitemannskapa hadde onsdag ettermiddag saumfart alle opne råker i Sogndalselvi. Klamrar seg til håpet - Det er heilt uutholdeleg å tenkja at eg kanskje ikkje skal sjå Ole Ivan igjen. Vi må klamre oss til håpet at han er ein heilt anna stad i landet. Det seier Magnhild Rørvik, mor til den sakna 21 år gamle guten frå Kvammen i Askvoll.

— Det er veldig tøft og veldig sårt. Styrken er at familien har så mange rundt oss, som står saman med oss når vi opplever dette, seier mora.

Samla i Sogndal Heile familien er no samla i Sogndal. I går var 50 personar frå Kvammen/Flokenes komne til Sogndal for å delta i leitinga. Ei heil bygd i Sunnfjord føler med Magne og Magnhild Rørvik og dei to eldre søskena til den sakna Ole Ivan.

Dei forstår ikkje at han berre kan forsvinne i fredelege og vesle Sogndal.

— Eg vil oppmode alle som har vore ute i Sogndal sentrum, og dei som har køyrt gjennom bygda etter laurdag kl 23.00, om å melde frå til politiet om det dei kan ha sett, seier søstera Heidi Rørvik.

Mange frivillige Familien rosar leitemannskapa i Sogndal, dei mange studentane og frivillige som har stilt opp, og politiet for den jobben dei har gjort.

— Vi har også fått god støtte frå psykiatrisk fagpersonell både frå Askvoll og Sogndal kommune, seier Magnhild Rørvik.

— Siste kontakt Ole Ivan hadde med heimstaden var ein telefonsamtale med kjærasten Hege i 18-tida laurdag. For denne helga skulle han vera med studiekameratar i Sogndal.

— Eg ser bort frå at han har stukke av. Dersom han er i live ville han ha meldt seg hvis han kunne nå oss, seier mora Magnhild Rørvik.

Framleis ingen spor Etter fire døgn står politiet framleis utan spor etter den sakna 21-åringen, Ole Ivan Rørvik. Dykking i elvekulpane nedanfor Ingafossen i Sogndalselva onsdag var resultatlaust. Tidlegare har dykkarane søkt i strandsona ved utløpet av elva.

— Dykkarane sjekka onsdag også ut område i elva nærast dei åpne råkene. Dei bevega seg så langt inn under elveisen som det var forsvarleg, seier politiavdelingssjef Arvid Flæte til Bergens Tidende. Skrik - Årsaken til at vi satsa på finsøk med dykkarar i åpne parti av elva er dei to vitna som uavhengig av kvarandre har gitt opplysningar om skrik frå elva natt til søndag. Skrika kom frå området ved Høgskulebygget på Foss, som ligg tett ved elva, og knappe 200 meter frå hybelen til den sakna studenten, seier Flæte.

Onsdag fekk politiet stadfesta av eit vitne at 21-åringen var utanfor minibanken til Sparebank 1 i Sogndal klokken 2304 natt til laurdag. Vitnet kjenner 21-åringen så godt at politiet er sikre på denne observasjonen. Politiet veit derimot ikkje kva retning Rørvik gikk frå minibanken. Blindspor Meldinga om at Rørvik kan ha vore passasjer med ekspressbussen Sogndal-Bergen søndag morgon 08 var eit blindspor. Passasjeren som sjåføren meinte likna Rørvik melde seg onsdag.

UTAN RESULTAT: Store styrkar leita etter den sakna Ole Ivan Rørvik i Sogndal mandag. FOTO: TOR YTTRI