TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Økokrim meiner å kunne dokumentere at Kvalheim i fjor overførte 9 millionar kroner til den næraste familien sin. Pengane har gått frå OK-Fish via eigarselskapet Kvalheim & Co Holding AS og derifrå til familie-medlemene.

— Dette framgår av kontoutskrifter vi har innsyn i. Etter vårt syn var dette urettmessig i forhold til den situasjon selskapet var i. I praksis betyr dette at kreditorane får ni millionar kroner mindre å fordele, etter at selskapet no er slått konkurs. Vi meiner dette er økonomisk utruskap, seier førstestatsadvokat Petter Nordeng.

Økokrim vil no ha utvida varetektsfengsling av Kvalheim, for å få tid til å etterforske meir.

Har visst det Kvalheims advokat, Per Kjetil Stautland, seier til Bergens Tidende at han er overraska over utspelet frå Økokrim.

— Dette har Økokrim visst lenge. Overføringane er rekneskapsførde og godkjende både i OK-Fish Kvalheim og eigarselskapet Kvalheim & Co Holding AS. Deler av desse ni millionar kronene er lån som vart gitt etter at OK-Fish Kvalheim selde oppdrettskonsesjonane sine til Pan Fish. Resten er utbyte og lønsutbetaling til familiemedlemer som i realiteten har vore aksjonærar i selskapet, forklarar Stautland.

Ingen nye opplysningar Advokaten reagerer også sterkt på at Økokrim har klaga på avgjerda i Nordfjord forhøyrsrett om to veker varetekt for den svindelsikta fiskeeksportøren. Økokrim har påkjært avgjerda inn for lagmannsretten, og ber om fire veker med brev- og besøkskontroll.

— Dette skjer først ei veke etter at dom vart sagt i forhøyrsretten. Og det skjer utan at Økokrim har klart å leggje fram nye opplysningar som underbyggjar påstandane om økonomisk utruskap eller at midlar er ført ut av landet, seier Stautland.

Til Bergens Tidende seier førstestatsadvokat Nordeng at dei grunngjev kravet om utvida varetekt med at dei treng meir tid til etterforskinga.

Til seg sjølv Jarle Kvalheim er sikta for å ha underslått moms for 220 millionar kroner.

Sist veke vart det dessutan kjent at Økokrim meiner han har stukke unna over 20 millionar kroner frå salet av tre oppdretts-anlegg like før jul. Påstanden frå politiet er at desse millionane, som i praksis er 400.000 aksjar i det børsnoterte selskapet Pan Fish, er overført til eit selskap Kvalheim sjølv har full kontroll over.

På toppen kjem no altså at politiet siktar eksportøren for urettmessig å ha overført pengar til nære familiemedlemer.

Stautland seier dei vil motsetje seg utvida varetektsfengsling. Advokaten har tidlegare gitt uttrykk for at han ikkje kan forstå at det ligg føre fare for at bevis kan gå tapt, fordi Økokrim sit med alle dokument i saka.